Søknad Kulturdepartementet 2013

Fra Wikimedia Norge
Kontaktpersonar for søknaden:
Jon Harald Søby (leiar Wikimedia Noreg) Erlend Bjørtvedt tlf 92 25 92 27 (nestleiar Wikimedia Noreg)


Lenke PDF versjon av søknaden, sendt til Kulturdepartementet.


Dette er søknad sendt til den rødgrønne regjeringen i april 2013. En ny søknad ble sendt Solbergregjeringen i oktober 2013.


Søknad om tilskot til leksikon

Wikimedia Noreg søkjer med dette om tilskot for treårsperioden 2014-2016. Verksemda det blir søkt tilskot til, vil bidra til å oppfylla sentrale språkføremål generelt, og ei styrking av nynorsk som formidlingsspråk. Hovudverksemda for søknaden er leksikalsk formidling av emne av stor kulturell verdi, på bokmål og nynorsk. Gjennom arbeid for å utvikla og styrka dei to digitale oppslagsverka ’’Wikipedia” på bokmål, og ”Wikipedia” på nynorsk, vil søkjaren bidra til å skapa brei folkeleg og institusjonell deltaking i ein nasjonal kunnskapsdugnad for deling av kunnskap og kulturell kapital. Prosjektet skal for desse føremåla styrka dei to parallelle, digitale plattformene på båe målformer.

Målet med søknaden er å styrka Wikimedia Noreg og det norske Wikipedia-miljøet si evne til å involvera breie lag av folket i kulturell kunnskapsdeling. Det vil bli lagt særskilt vekt på å styrka formidlinga av kunnskap om litteratur og skriftlege kulturuttrykk på begge målformer, med parallelle prosjektorganiseringar kring bokmål og nynorsk. Dessutan vil det norske språkmangfaldet bli styrka ved at det blir arbeidd målretta med kunnskapsdeling og bevisstgjering kring kulturarv, litteratur og kulturelle termar på bokmål og nynorsk, og til ein viss grad på minoritetsspråk i Noreg.

Samstundes skal verksemda det blir søkt tilskot til, styrka det norske språket sin posisjon som eit fullverdig og samfunnsberande språk i leksikon-samband i Noreg, med vekt på spreiing og deling av fagtermar, vitskaplege uttrykk, og utanlandske termar på båe målformer.

Eigne prosjekt vil støtta opp om mellomspråkleg distribusjon og formidling av litteratur, kulturarv, kulturelle og fagleg-vitskaplege termar på dei norske minoritetsspråka. Her vil søkaren særleg arbeida for å nytta dei språklege ressursane som finst hjå Språkbanken, og i databasane hjå Nasjonalbiblioteket. Substansielle informasjons- og tekstressursar vil bli utvikla gjennom samarbeid med sentrale kulturelle institusjonar som Norsk kulturråd (og institusjonane deira), Riksantikvaren, Riksarkivet, og universiteta.

Wikipedia-plattforma er eineståande til dette føremålet, ved at leksikonet formidlar forklaring av omgrep og termar på inntil 280 språk samstundes og i det same brukargrensesnittet, inkludert viktige minoritetsspråk som nordsamisk, urdu, tyrkisk, persisk, etc. Dette gjer det mogleg å dela og spreia kunnskap om norske litterære og kulturelle ressursar og kjelder til både minoritetsspråklege i Noreg, og til store brukarkrinsar i utlandet. Trongen til kunnskap om norske tilhøve på andre språk enn norsk vil verta ivaretatt gjennom særlege prosjekt retta mot ulike minoritetsgrupper, knytt til Wikipediaversjonane på deira eige språk. Wikimedia Noreg og Wikipedia-miljøet i Noreg er det einaste eksisterande ressursmiljøet som kan mobilisera arbeid og utvikling for slike føremål.

Søknaden er delt inn i fylgjande bolkar:


Informasjon om søkjaren og søkjaren si verksemd

Wikimedia Noreg (Wikimedia Norge, Wikimedia Norga) er ein friviljug organisasjon, registrert i Brønnøysund-registeret som NO 993 101 583. Wikimedia Noreg er eit nasjonalt ”chapter” (nasjonal avdeling) av Wikimedia Foundation, ei amerikansk stifting som eig Wikipedias varemerke, domene og ymse fysiske ressursar. Dessutan driv Wikimedia Foundation mediedatabasen Wikimedia Commons, og andre digitale tenester. Wikimedia Noreg har eigedomen til visse norske ressursar i samband med dette, mellom anna nokre domene som omfattar Wikipedia.no, Wikimedia.no, m.fl. Vidare organiserer Wikimedia Noreg norske skribentar attom Wikipedia. Det inneber at Wikimedia Noregs medlemmar utgjer ei grunnstamme i det aktive skribent- og redaktørkorpset bak norske versjonar av Wikipedia – det vil seie språkversjonane på bokmål, nynorsk, og nordsamisk.

Wikimedia Noreg vann Folkeopplysningsprisen 2011 for sitt arbeid med å involvera folk i kunnskapsdugnad på Wikipedia i Noreg.

Korkje Wikimedia Foundation eller Wikimedia Noreg har nokon intellektuell eigedomsrett til innhaldet på Wikipedia. Innhaldet blir publisert av den einskilde forfattar, under dei opne, globale lisensane GFDL (tekst) og CC-BY-SA (bilete). Det same gjeld t.d. også delar av artiklane i Store norske leksikon. Publiseringa finn stad under vern av ”safe harbour”-prinsippet, der Wikimedia Foundation og Wikimedia Noreg ikkje er ansvarlege for innhaldet i artiklane, eller kva forhold dei har til opphavsretten. Dette ansvaret har den einskilde skribent, på same måte som for ei bloggteneste eller eit debattforum på nett. Wikimedia Foundation er hovudeigaren av den digitale plattforma og tenesta som skribentane nyttar når dei produserer og deler innhald, mens domena som speglar til tenesta delvis vert eigd av Wikimedia Noreg.

Wikimedia Noreg er på si side ein samskipnad av produserande skribentar, der det ikkje er obligatorisk å vera organisert. Wikimedia Noreg tilbyr skribentane eit fagleg produsentmiljø, støtte til prosjekt, konkurransar og kurs. Wikimedia Noreg representerar det norske Wikipedia-miljøet ovafor eksterne partar - som Kulturrådet, Riksantikvaren, osb, og ovafor offentlege styresmakter. Wikimedia Noreg driv prosjekt knytt til ABM-sektoren, norske museum og arkiv, skolar og høgare utdanning, og til Sametinget. WIkimedia Noreg driv òg utvikling av Wikipedia-versjonane på bokmål, nynorsk og nordsamisk. Verksemda til Wikimedia Noreg har til dette eit budsjett på om lag 300.000 kroner årleg, med ein pågåande prosess for tilleggsfinansiering med kroner 800.000 for ein tolv-månaders-periode 1.juli 2013- 1-juli 2014. Organisasjonen vil sommaren 2013 oppretta eit sekretariat med ein tilsett sekretær for å gjera mogleg ei minimumsdrift knytt til samarbeidet med eksterne organisasjonar, i nært samarbeid med eit arbeidande styre. Denne søknaden om tilskot frå Kulturdepartementet skal i første rekke bidra med ressursar til å realisera omfattande samarbeid med nasjonale kulturinstitusjonar om utvikling av Wikipedia i Noreg.

Skildring av den norske leksikonmarknaden

Det er fem større leksikonaktørar i Noreg, ved sida av ein del nisjeaktørar med liten trafikk. Rekna etter storleik i form av norsk trafikk til nettstade, er dei største norske leksikona høvesvis Wikipedia, Norsk nettleksikon[1], Encyclopedia Britannica, Lokalhistoriewiki, og Allkunne. Av desse fem står Wikipedia i ei klasse for seg, med langt større trafikk enn alle de fire andre aktørane samanlagt. Wikipedia er Noregs 7. mest vitja netteneste, med ein trafikk omtrent som Finn, VG og Dagbladet.[2] Også nynorskutgåva av Wikipedia har større trafikk enn nokon av dei andre leksikona, Norsk nettleksikon inkludert. Dei nordsamiske, tyske, svenske og polske versjonane av Wikipedia har med sine 1 million månadlege sidevisingar (hits) kvar frå Noreg, ein trafikk som kan samanliknast med Allkunne. Det er ikkje kjend kor store trafikk-tal Allkunne har, men det er sannsynlegvis lågare enn 500.000 månadlege sidevisingar.

Wikipedia på bokmål og nynorsk har 2 millionar sidevisingar per dag, og totalt 60 millionar sidevisingar per månad. Dei same tala for Store norske leksikon er 200.000 sidevisingar om dagen, eller 6 millionar per månad. Talet på unike brukarar er i praksis vanskeleg å fastslå, sidan kvar bruker i røynda reknast som unik fleire gonger i løpet av ein månadsperiode. Men tala syner at bruken av Wikipedia er ganske nøyaktig 10 gonger større enn bruken av Store norsk leksikon. Wikipedia er dermed den desidert mest leste kunnskapskjelda som nokosinne er laga i Noreg.

Trafikk-tal til nettleksika frå norske IP-brukarar

Tabellen nedanfor gjev trafikk-tal frå norske IP-brukarar, og rangering etter trafikk, for dei største leksikona som er i omfattande bruk i Noreg:

Leksikon, versjon
Rangering Noreg
Rangering globalt
Sidevisingar per månad frå Noreg
Kjelde, kommentar
Alexa.com, 9.mai 2013
Våren 2013
Bruk av leksikon i Noreg 133.000.000 Gjeld PC-basert bruk
Wikipedia, alle språk 7 6 124.000.000 Wikimedia Statistics [1] [3]
Wikipedia, bokmål .. .. 55.000.000 Wikimedia Statistics [2] [3]
Wikipedia, engelsk .. .. 55.000.000 Wikimedia Statistics [3]
Wikipedia, nynorsk .. .. 6.000.000 Wikimedia Statistics [2]
Norsk nettleksikon, snl.no 236 48.340 6.000.000 Aktørens eigne tal
Wikipedia, svensk .. .. 1.500.000 Wikimedia Statistics [3]
Wikipedia, tysk .. .. 1.000.000 Wikimedia Statistics [3]
Wikipedia, polsk .. .. 1.000.000 Wikimedia Statistics [3]
Wikipedia, nordsamisk .. .. 1.000.000 Wikimedia Statistics [2]
Encyclopedia Britannica .. 5.317 < 1.000.000 Anslag utifrå Alexa [4]
Lokalhistoriewiki.no 1.275 136.946 < 1.000.000 Anslag utifrå Alexa [5]
Allkunne.no .. 4.489.018 < 500.000 Anslag utifrå Alexa [6]

Norske brukarar står bak om lag 133 millionar sidevisingar per månad på ulike leksikon, med det viktige atterhaldet at tala gjeld PC-bruk, ikkje bruk frå mobiltelefon. Kvar vaksne innbyggjar vitjar ei leksikonside om lag 30 gonger per månad frå PC. Vi ser at Wikipedia på engelsk, bokmål og nynorsk dominerer med omlag 90 prosent av all leksikonbruk frå IP-adresser i Noreg. Det er også ei viss oppslutnad kring dei mindre leksikona, der Norsk nettleksikon har om lag 4,5 % av bruken. På grunnlag av rangeringane hjå Alexia går vi ut i frå at Encyclopedia Britannica har lågare trafikk-tal enn dette. Vidare har Lokalhistoriewiki og Allkunne ein oppslutnad på omlag 0,5 % kvar av leksikonbruken.

Forsking ved Universitetet i Agder stadfestar inntrykket – norske skuleelevar rådførte seg i 2011 med Google og Wikipedia ved skulearbeid – og lite anna.[3] I mellomtida har Store norske leksikon klatra på statistikkane frå Alexia, frå ei rangering kring nummer 350, til omlag nummer 240 i Noreg. I mai 2013 har SNL totalt i alle aldersgrupper 4,5 prosent av brukartrafikken, i skulen kanskje noko høgare.

Undersøkinga Monitor 2011 Skolens digitale tilstand[4] vart publisert 13. mars 2012. Studien synte at nesten 80 % av elevane på VG2 nytta Wikipedia dagleg eller kvar veke, mot 70 % av elevane på 9. trinn, og 63 % på 7. trinn (Monitor 2011, side 111). Studia syner at det er tre kjelder elevane nyttar i stort monn i skulearbeidet: Google, Wikipedia, og skulebøkene. Forlaga sine digitale nettstadar derimot, hadde relativt låg bruk. Studien reflekterte over at elevane til dømes føretrekk Wikipedia framfor alle digitale læringsressursar samla. Hjå lærarane var stoda annleis, her vart forlaga sine digitale ressursar nytta meir enn Wikipedia, omvendt av kva stoda var mellom elevane.

Ei kvalitativ studie mellom studentane ved universiteta (Den som søker finner, mai 2010 [5]) ga om lag same resultat. Studentane nyttar Google og Google Scholar mest til søk etter kunnskap, følgd av Wikipedia. Det var berre nokre få prosent som nytta biblioteka sine søkjeverkty ved lærestadane (BIBSYS). Studentane klaga mest over grensesnittet til institusjonane sine eigne verkty, medan Wikipedias hovudsvakheit var at tenesta ikkje var ein heilt ut påliteleg eller godkjent kjelde: ”En student påpeker at det ideelle hadde vært om Wikipedia holdt et høgt faglig nivå, ’der finnes jo alt og det er enkelt å søke’.” (s. 14).

Sjølv blant forskarane var Wikipedia mykje brukt, serleg den engelsk-språklege utgåva: ”Ellers er det enkelte av forskarane som påpeker at kvaliteten på Wikipedia er undervurdert og at det er mye bra å finne der. En viser et eksempel på at Wikipedia er mer oppdatert enn en av de mest sentrale lærebøkene på hans felt. Alle bruker Wikipedia og flere mener at dette begynner å bli en legitim kilde. Det blir derimot understreket at i den grad man skal referere når man skriver må man derimot bruke den opprinnelige og riktige kilden.” (s.25-26).

Produksjonstal

Kvar månad gjer 3.570 ulike brukarar endringar på Wikipedia på bokmål.[6] Kvar månad dreg Wikipedia til seg 100 heilt nye skribentar, som aldri før har skrive på nettstaden. Det vert årleg skrive 40.000 heilt nye artiklar, slik at det om få år vil verta ein halv million artiklar tilgjengeleg på bokmål.

Kvar månad vert det gjort 100.000 redigeringar på bokmål og 25.000 på nynorsk. Bokmålsversjonen aukar med 140 MB årleg[7], det vil seie at 385.000 teikn endrast kvar dag – ein produksjon ti gonger større enn på Store norske leksikon (der 40.000 teikn endrast dagleg). Med 3.750 skribentar på bokmål-Wikipedia per månad, skriv eller endrar kvar skribent i snitt litt over 3.000 teikn per månad. Og kvar månad veks Wikipedia med like mykje tekst som ein finn i Bibelen.

På nynorsk Wikipedia står 400 månadlege skribentar for ein produksjon på 2,5 millionar teikn per månad (30 MB årleg), eller 82.000 teikn dagleg. Det tydar på at kvar skribent skriv eller endrar 6.250 teikn per månad.

Den einaste andre norske leksikon-redaksjonen ein kan samanlikna Wikipedias norske redaksjon med, er Store norske leksikon. Både lesar- og produksjonstala på Wikipedia på bokmål er ti gonger større enn for SNL. Også nynorskutgåva av Wikipedia har ein dagleg skribent-produksjon som er dobbelt så stor som produksjonen hjå SNL. Den mobiliseringa av kunnskapsdeling og deltaking som Wikipedia gjer blant vanlege menneske i Noreg, er eineståande i norsk historie. Det er særs gledeleg å registrera mobiliseringa kring nynorsk, der det nynorske Wikipedia-miljøet er Norges klårt nest største leksikonredaksjon, berre overgått av det bokmål-skrivande Wikipedia-miljøet. Nynorsk har aldri hatt ei slik breitt femnande plattform for kunnskapsdeling og kulturell innverknad.

Wikipedia er eit fagfellevurdert og redaksjons-prøva produkt. Kvar nye artikkel og kvar nye endring vert gjennomgått og kvalitetsprøva at eit korps av serlege fagpersonar med særskilde rettar til å godta eller omprøva endring. Etter patruljeringsloggen har det hittil vorte gjort 1,2 millionar godkjenningar av bidrag frå nye eller anonyme bidragsytarar.[8]


Statens kulturpolitiske handlingsrom knytt til leksikon

Wikimedia Noreg vart i 2011 tildelt Folkeopplysningsprisen for sitt arbeid med ”kunnskapsdugnad” i Noreg. Wikipedia er i røynda ein kulturell kunnskapsallmenning.

Regjeringa uttalde i 2006 følgjande om tiltak for digitale allmenningar:

I Noreg og i norsk kultur har vi lange tradisjonar i bruk av allmenningar. (...) Regjeringa ser på etablering og utvikling av ein digital allmenning som ei utfordring, eit høve til vidareutvikling av eit særtrekk ved vår kultur, og eit bidrag til å føre eit norsk samfunnssyn og fellesskapsforståing inn i ein digital tidsalder. Den digitale allmenningen bør vere så stor som mogleg og innehalde informasjon og materiale av høg kvalitet. På allmenningen står brukaranes behov i fokus. Det bør vere høve til digital gjenbruk til ikkje-kommersielle føremål, og bruken bør vere gratis for den einskilde brukar. Det er naturlegvis ein føresetnad at innhaldet på allmenningen ikkje er gjort tilgjengeleg utan samtykke frå rettshavaren. (...) Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil saman med aktuelle departement som til dømes Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet greie ut om det er mogleg å kjøpe fri forskjellig opphavsrettsleg verna materiale, slik at ein på sikt kan gjere ein digital allmenning tilgjengeleg for befolkninga. Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid med Kultur- og kyrkjedepartementet leggje til rette for pedagogisk tilrettelegging av nasjonalarven.[9]

Om Staten eller offentlege einingar søkjer distribusjon av leksikalt innhald eller kunnskap i Noreg, er Wikipedia ein eineståande kanal ein ikkje kjem utanom i offentleg strev for å nå fram til befolkninga og formidle nasjonalarven og kunnskapsarven via leksikon-sjangeren. Dei tre norske aktørane SNL, Lokalhistoriewiki og Allkunne har i denne sjangeren samanlagt om lag 5 prosent av brukartrafikken, medan Wikipedia har kring 95 prosent av all leksikon-vitjing i Noreg.

Dei siste åra har Staten løyva betydelege beløp til drifta av visse leksikon, nemleg til Lokalhistoriewiki og Allkunne. Utom universiteta si spreidde støtte med redaksjonsressursar, gjer ikkje Staten noko løyving til større norske nettleksika - dei med meir enn 1 million månadlege vitjingar. Bruk av universiteta sine ressursar i artikkelproduksjon kan rett nok sjåast på som statleg bidrag (contribution in kind), men så lenge denne gjeng føre seg på ikkje-diskriminerande vis og universiteta ikkje favoriserer den eine verksemda framføre den andre, men fritt lar sine tilsette formidla kunnskap på alle plattformer, råker ikkje allmenta ut for tolkingsproblem knytt til statleg støtte.

Løyvinga til det statlege Lokalhistoriewiki skjer gjennom tilskotet til det statlige Norsk lokalhistorisk institutt, der tildelingsbrevet for 2013 gjev som sentrale resultatindikatorar for resultatmålet om å "formidle faglig og pedagogisk informasjon” under den statlege løyvinga: ”antall artikler og antall bilder i lokalhistoriewiki.no", og vidare: "antall vitjing, unike brukare, viste sider og treff i lokalhistoriewiki.no". Leksikondrifta er ein del av verksemda som vert stilt som resultatmål for tilskotsløyvinga. Verksemda er statleg og har ei tilhøyrande solidarisk finansiering. Wikimedia Noreg ser Lokalhistoriewiki som eit nisjeprodukt som skil seg så mykte frå dei andre leksikona, at det i røynda neppe konkurrerar med desse.

Løyvinga til Allkunne AS skjedde fram til 2010 som ei prosjektløyving til ABM-utvikling. Rekneskapen for Allkunne for 2010 synte driftskostnadar på 1,75 mill kroner. Frå 2011 er løyvinga ei delløyving under tilskotet til Det norske Samlaget (kap 326, post 74), seinare til Nynorsk kultursentrum i Kulturdepartementets kapitel 328, post 70.[10] Same året auka løyvingane til Nynorsk kultursentrum med nøyaktig 2.4 millionar kroner,[11] som då er nivået på løyvinga til Allkunne. Midla som tilfall Allkunne AS har sidan oktober 2011 vorte brukt til å omsetja artiklane frå Caplex (Cappelens leksikon),[12] der Allkunne-redaksjonen og skribentane deira ser ut til (mai 2013) å ha omsett mindre enn 8.000 av dei totalt om lag 70.000 artiklane i Caplex-basen. Den intellektuelle eigedomsretten til artiklane frå Caplex, tilhøyrer framleis CappelenDamm AS. Når statleg tilskot på om lag 2 millionar kroner årleg tilfell Allkunne, vert midla hovudsakleg nytta til distribusjon av eit kommersielt eigd tekstinnhald. Verksemda er å rekna som økonomisk verksemd i EØS-avtalens forstand, av di Allkunne tilbyr eit tradisjonelt breidde-leksikon på nynorsk, som til dømes også Wikipedia gjer.

Dei indirekte, statlege løyvingane til Allkunne AS er i følgje tilskotsbrev, osb., gjort ut frå museums- og kulturføremål. Som vi har sett frå talmaterialet ovafor, har denne tenesta, som står for om lag 0,5 % av leksikon-trafikken i Noreg., motteke nokre millionar kroner årleg frå Kulturdepartementet.

Tal på artiklar dei viktigaste norsk-språklege leksikona i Noreg

Tabellen nedanfor gjev talet på artiklar hjå dei viktigaste norsk-språklege leksikona i Noreg:

Leksikon, versjon
Språkform
Talet på artiklar
Kjelde, kommentar
Mai 2013
Wikipedia, bokmål Bokmål 380.000 Wikimedia Statistics [7] [8]
Norsk nettleksikon, snl.no Bokmål 170.000 Aktørens eigne tal
Wikipedia, nynorsk Nynorsk 103.000 Wikimedia Statistics [7] [9]
Lokalhistoriewiki.no Bokmål 14.930 Aktørens eiga wiki-teljeverk [11]
Allkunne.no Nynorsk 10.000 Anslag ut frå dataanalyse
Wikipedia, nordsamisk Nordsamisk 7.500 Wikimedia Statistics [7] [10]
Encyclopedia Britannica Ikkje tilgjengeleg på norsk


Av tala ovanfor ser vi at Wikipedia er den bokmåls-tenesta som har flest leksikon-artiklar, totalt 380.000 bokmålsartiklar etter ti års produksjon. Det andre store bokmåls-leksikonet er Store norske leksikon (SNL), som etter eige utsegn har 170.000 artiklar på bokmål, etter 107 års produksjon. Noreg har altså to store norske, leksikalske verk - Wikipedia på bokmål og Store norske leksikon. I tillegg er Encyclopedia Britannica sjølvsagt ein stor aktør og konkurrent, sjølv om språket er engelsk.

Om ein vendar seg til nynorsk er stoda noko meir eindimensjonal ved at Wikipedia er ein heilt dominerande aktør, òg kva gjeld talet på artiklar – 103.000 nynorsk-artiklar mot Allkunnes 10.000. Både talet på artiklar og talet på sidevitjingar er her asymmetrisk, ved at Wikipedia på nynorsk er om lag 10-20 gongar større enn Allkunne målt etter båe parameter. Median-lengda på Allkunne-artiklane er berre tre setningar, slik at mengda tekst på nynorsk Wikipedia er kring 30-35 gonger større enn mengda tekst på Allkunne. I strevet for å auka nordmenns kunnskap i nynorsk står altså Wikipedia i ei særstilling med ein påverknad og ei betyding som ingen andre leksikon når opp til.

For bokmål ser ein altså at Wikipedia og SNL har eit nokolunde samanliknbart tal på artiklar, medan trafikken og skribent-verksemda (oppslutnaden) frå brukarane er særs ulik. Konkurransen mellom dei to står om evna til å tiltrekkje seg fagfolk og andre bidragsytarar i den litterære produksjonen som går føre seg.

Den norske leksikonverda er ein kommersiell marknad, der nokre aktørar (eksempelvis Encyclopdia Britannica) tar betalt av sluttbrukarane, og/eller finansierast med reklame, medan andre aktørar får tilskot frå staten eller private kjelder til sin leksikonproduksjon. Wikipedia vert finansiert hovudsakleg gjennom små donasjonar frå eit stort tal brukarar, via årlege innsamlingsaksjonar på nettstaden. Dette inneber at brukarane gjev ei friviljug betaling for tenesta gjennom ei systematisk, men ikkje fastsett innsamling av brukarbetaling. I den norske leksikonmarknaden er altså betalinga ei blanding av brukarbetaling, og solidarisk finansiering. Sjølv om fleirtalet av aktørar ikkje tar betalt frå sluttbrukarane, inneber eksistensen av reine kommersielle aktørar at leksikonbransjen er ein kommersiell marknad, mykje likt marknaden for nettavisar. Nokre nettavisar tek betalt frå brukarane, andre gjer det ikkje, men uavhengig av forretningsmodell er tenestene alle del av ei kommersiell marknad.

Ut frå dette ønskjer Wikimedia Noreg at denne søknaden vert gjort kjent for ESA før ei eventuell løyving tek til. Leksikon er ikkje eit offentleg gode av allmenn økonomisk betyding, og verksemdene som driv leksikon er alle private, med unntak av Lokalhistorisk institutt (Lokalhistoriewiki) som driv eit nisje-leksikon. Wikimedia Noreg er innforstått med at dette kan forseinke handsaminga av denne søknaden, men vi vil halda det som ønskjeleg at staten gjer ei slik juridisk kvalitetssikring av løyvinga. Som kjend risikerer mottakarar av ulovleg statstilskot å koma i ein situasjon der mottakaren må betala attende løyva beløp, noko Wikimedia Noreg ikkje vil vera i stand til å aksla om so skulle skje.

Tilhøvet nett no er at eit norsk leksikon (Allkunne med Cappelens innhald) mottek statleg støtte, medan eit anna leksikon (SNL) søkjer om slikt tilskot. Då står berre eitt norskprodusert leksikon att, og eit høveleg grep frå statens side kunne vera å utmeisle ein norsk leksikonpolitikk med tilskotsordningar som står i eit rimeleg tilhøve til dei ulike aktørane si rolle i og innverknad på kultur- og språkpolitisk måloppnåing. Då kunne ein likebehandla aktørane utan omsut til kva modellar dei nyttar for produksjon, distribusjon eller prisfastsetting av produkta. Sidan Encyclopedia Britannica har ein redaksjonell produksjon som i sin heilskap skjer utanfor Noreg og dei ikkje formidlar på norsk språk, reknar vi det som lite formålstenleg å inkludera dei i desse vurderingane, sjølv om dei sjølvsagt inngår i konkurransen i marknaden.


Politiske motiveringar for søknaden

I Noreg set vi det høgt å leggja til rette for ein opplyst offentleg samtale der alle har tilgang til kunnskap, der elevane har gode lærebøker, og der fagkunnskap blir formidla på bokmål og nynorsk. Desse måla er ikkje mindre viktige i nettsamfunnet. Nettet er blitt den offentlegheita der vi lærer, les og debatterer. Google styrer kva kunnskap folk finn, og i røynda gjev Google prioritet til Wikipedias kunnskapsbase som treffstad for søk. Det er bland faktorane som gjer Wikipedia til ei av verdas mest leste nettsider – og som gjer Wikipedia på dei norske målformene til landets utan samanlikning mest utbreidde, leste og mobiliserande leksikon-tenester.

Innhaldet i nettleksikona avheng av kva aktørar som deltar. Derfor må samfunnet ta ansvar for at det vert mogleg å publisera kunnskapskjelder. På same vis som norsk nett treng kjelder til nyhende, trengst det kjelder til basisen og breidda i kunnskapen. Leksikon er ein litterær sjanger, som i det norske samfunnet blir produsert av ekspertar og friviljuge, og som somtid blir seld som teneste i marknaden, og av somme tilbydarar blir tilbode utan direkte brukarbetaling. Dei største leksikona i Noreg er alle finansierte av friviljuge gåver frå lesarar eller private stiftingar.

Grunnkunnskapen må vera fri og kunne bli lenka til i resten av det opne Internettet. Samfunnsverdien av leksikon har ikkje blitt mindre sjølv om den økonomiske salsverdien fell. Wikipedia er i dag aleine på norsk nett med utelukkande fritt lisensierte kjelder for dei sentrale delane av det vi kan noko om i Noreg. Alle andre norske leksikon har ei viss stamme av artiklar som ikkje er fritt lisensierte men som nokon har intellektuell eigedomsrett til.

Regjeringa kan ta politiske grep for nettsamfunnet og bestemme at kunnskapsformidling er så samfunnsviktig at det ikkje skal vera overlate til private initiativ aleine. Ho kan avgjera at folk skal kunne finna fagleg gyldige analysar av jødedom og islam, så vel som schizofreni og Svalbards geologi. Ho kan ta politisk ansvar for å få bygd infrastrukturen for kunnskap i det norske nettsamfunnet.

Det blir stadig klårare kor viktig det er å styrka den demokratiske infrastrukturen på nett. Vi treng ein kunnskapsbasert og gjennomsiktig debatt, tufta på sakstilhøve. Det er farleg for demokratiet vårt om det ikkje finst bruer mellom debatt i den lærde eliten og nettdebatt kor folk flest deltar. Wikipedia er den arenaen som mobiliserer flest fagfolk og lekfolk til å dela kunnskap på nett. Vi set allereie ein ny standard for digital danning, der tradisjonelle danningskrav (gyldig argumentasjon og truverdige kjelder) blir kombinert med danninga som må til for å bli tatt alvorleg på nett (eineståande rask respons og oppdatering, deltaking når debatten skjer). Innhaldet vårt vert ikkje publisert ovafrå og ned. Alle skal kunne føreslå, spørja og gjera aktive val og handlingar dersom keisaren er utan klede. Kunnskapsproduksjonen skjer i dialog. Nett som på nettet elles er det ein grunnleggjande rett å kunne uttrykkje seg anonymt, men òg tole at andre korrigerer feil eller er usamde. Eit av verdas fyrste leksikon – Diderot’s Encyclopedie, vart fullt og heilt publisert anonymt. Nett som dei franske opplysningsfilosofane frykta Kyrkjas reaksjonar, kjem Wikipedia ut på språkversjonar som dominerer i brutale diktatur, der den same anonyme publiseringa er livsnaudsynt. Retten til å vera anonym er en viktig og stolt tradisjon som sikrar spreiinga av det frie ordet i heile verda.

Wikipedias kunnskapsproduksjon er fullt ut gjennomsiktig, ved at alle endringar ned til minste detalj kan sporast tilbake til skribenten. Det eineståande med Wikipedia er at meir enn eitt fagmiljø, ein vitskapleg ”skule”, eller eit kunstarisk miljø, kjem likeverdig til orde og pregar framstillinga av det leksikalske stoffet. I andre leksikon er det berre ein fagperson har ansvaret for det einskilde temaet. Ein slik modell kneblar framstillinga, ved at kvart tema får ei innretning prega av ein einskild redaktør. Skal stoffet om arkitektur t.d. bli skrive av ein modernist eller av ein klassisist? Skal tema om økonomi bli skrive av ein keynesianar eller av ein monetarist? Slike val vert overflødige på Wikipedia, der fleire ”skular” får bidra til framstillinga av stoffet og kunnskapen, kvar med si vektlegging og sin faglege ballast. Det same viktige tilhøve gjeld sjølvsagt i valet mellom leksikon – dei ulike faglege, vitskaplege eller kunstnariske miljøa skal kunne publisera og dela kunnskapen sin på ulike leksikon-plattformar, der Staten ikkje favoriserer eller vrir offentlege ressursar inn mot berre ei eller nokre få av dei.

Slikt fagleg mangfald styrkjer folks oppfatning og forståing av det vitskaplege framsteget og det vitskaplege ordskiftet. Wikipedia har som mål å gjera all verdas kunnskap fritt tilgjengeleg for alle menneske på planeten vår. Lesarane skal dela oppdatert informasjon og få ei opplyst offentlegheit å delta i. Leksikonet skal leggje til rette for å dela kunnskap gjennom internett, der fagfolk og lekfolk saman definerer tidas kunnskapsbilete.

Det er eit viktig politisk prinsipp at kunnskap er tilgjengeleg for alle. I nettsamfunnet betyr dette at vi treng kjelder som er gratis og kan bli delt og lenka til. Ei kjelde er ein signert tekst med ansvarleg utgjevar. Når kjelder manglar blir nettet eit ekkokammer der ingen står ansvarleg for at orda falt. Wikipedia er truleg Noregs største kjeldesamling. I mai 2013 hadde Wikipedia på bokmål meir enn 450.000 fotnotar og kjeldetilvisingar.[13] Skulen skal lære elevane å vera kritiske i val av kjelder og ikkje stola blindt på framstillinga frå ein fagperson, eller eit vitskapleg miljø. Wikipedia er i det høvet ei eineståande læringsressurs ved at leksikonet, ulike lærebøkene eller SNL, framstiller kvart einskild tema i ei form der kvart faglege synspunkt eller kvar vitskaplege ”skule” har det same høvet til å koma til orde. Dette inneber ikkje at ”alle syn er like gode”.

Eit prinsipp på Wikipedia er at leksikonet skal spegla innsikta vitskapen har komme fram til. Dominerande syn blir presentert som nett det, og alternative framstillingsformer blir relatert til det dominerande synet. Wikipedia er den utan samanlikning mest leste, norske læreboka, og samstundes den beste staden å finna fram til primærkjeldene for eit tema.

Det er viktige språkargument for å ha ein nettarena der fag blir formidla på nynorsk. Stadig færre fag blir formidla i nynorske lærebøker. Dersom både bokmål og nynorsk fagspråk skal vera levande, trengst det arenaer for å publisera på båe målformer. Wikipedia på nynorsk er meir brukt enn SNL, og mange titals gonger meir brukt enn Allkunne. Wikipedia på nynorsk er den einaste vidfemnande nynorske kunnskapskjelda i Noreg med meir enn 100.000 oppslagsord. Wikipedia sørgjer for at breidda i det nynorske kunnskapsuniverset kan bli omtalt i den norske offentlegheita.

I den såkalla ”språkmeldinga” (St. meld nr 35 2007-2008 Mål og meining) blir det sagt at tap av språklege termar (domenetap) vil ”gjera det vanskelegare å kommunisera på tvers av ekspertgrenser. Dersom norsk ikkje blir brukt til dømes innanfor naturvitskapleg forsking, blir det ikkje utvikla norsk terminologi innanfor dette feltet, og det blir dermed vanskelegare å føra ut slik kunnskap utanfor spesialistmiljøa. … Mangel på brukbare norske termar kan difor skapa problem for populærvitskapleg opplysning og redusera grunnlaget for innsyn og demokratisk kontroll. Dersom utviklinga går langt nok, hamnar vi i ein situasjon der det i praksis blir uråd å omtala visse emne anna enn på engelsk.[14]

Wikimedia Noreg tilbyr Noreg eit spleiselag for kanalen som i dag formedlar kunnskap i norsk nettoffentlegheit, og tilbyr ein teknisk plattform for den norske publiseringa, betalt av brukarar ved donasjonar. Men alt innhaldet må produserast i Noreg, av menn og kvinner i Noreg. Den nynorske språkversjonen av Wikipedia er imponerande, dei friviljuge skribentane der har skapa eit leksikon med meir enn 100.000 artiklar på nynorsk, den største kunnskapskjelda på dette målforma nokosinne.

Universiteta si formidling skjer i stort monn på Wikipedia. Ei rad vitskaplege institutt og einskilde akademikarar publiserer uvurderlege kunnskaps-brokkar. Eit godt døme er Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta (Norsk helsebibliotek), Institutt for genetikk ved Universitetet i Bergen, og forelesarane ved Høgskulen i Oslo eller Handelshøgskulen BI. Dei nyttar Wikipedia aktivt i undervisninga, som oppgåve-plattform for studentane, eller som publiseringskanal for vitskap.

Ein redaksjonell og teknisk publiseringsplattform er infrastruktur, som i det store og heile finansierast av Wikimedia Foundation, men der Kulturdepartementet blir invitert til å bera særs små delar av kostnadene til utvikling av grensesnitt mellom Wikimedia og offentlegheita sine digitale kulturressursar. Staten støttar utgjevarar av andre boksjangrar, og leksikon kan i visse tilhøve vera ei offentleg oppgåve å gje tilskot til. Føresetnaden er at tilskotet blir gjeve på eit vis som er i tråd med føresegnene om støtte til økonomisk verksemd i ein marknad. Det kostar sju millionar kroner i året å lyfta Wikipedia vidare til ein brei deltakarplattform for publisering av vitskapleg, kunstarisk og kulturell kapital og kunnskap i Noreg. Alle eigarar av databasar, nisje-leksikon, osb., kan publisera sitt materiale via Wikipedia eller eit av dei andre Wikimedia-prosjekta, dømesvis Wikimedia Commons.


Prosjektverksemda det vert søkt tilskot til

Wikimedia Noreg søkjer Kulturdepartementet om tilskot for treårsperioden 2014-2016. Vi søkjer om høvesvis 5,95 millionar kroner, 6,07 millionar kroner, og 6,13 millionar kroner, for kvart av dei tre åra, til fire prosjekt som skal bidra til og oppfylla sentrale kultur- og språkpolitiske mål generelt, mellom anna eit prosjekt for å styrka nynorsk som formidlingsspråk i leksikon-sjangaren. Alle prosjekta skal skapa brei folkeleg og institusjonell deltaking i ein nasjonal kunnskapsdugnad.

Prosjekt 1 – Infrastruktur

Det fyrste prosjektet det blir søkt tilskot for, er eit prosjekt for teknisk og publisistisk utvikling av infrastrukturen og plattforma for Wikipedia på bokmål og nynorsk. Det største problemet ved denne infrastrukturen ligg i den manglande samverknaden (interoperabiliteten) mellom på den eine sida opplastingsløysinga for Wikipedia og Wikimedia Commons, og på den andre sida lagringsløysingane for digitalt innhald ved norske arkiv og musé. Denne mangelen på teknisk samverknad førar med seg at det er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å masseopplasta bilete og mediefilar frå norske biletsamlingar til Commons (eller Wikipedia). Norske arkiv og museum har lasta opp filar, metadata, filomtalar og kulturell informasjon om objekt i samlingane sine i ei proprietær publiserings- og baseløysing. Det inneber at vidare frigjeving av det same materialet i fri lisens ved opplasting til Wikimedia Commons, krev teknisk tilpassing av programvaren hos ein av partane.

Dette utviklingsarbeidet er naudsynt for å realisera dei avgjerdene som norske musé har gjort om frigjeving av bilete via Wikimedia-prosjekta. Oslo Museum, Norsk folkemuseum, og einskilde andre institusjonar har vedteke, eller er i ferd med å vedta, frigjeving av kring 300.000 bilete av enorm kulturhistorisk verdi. Denne frigjevinga i open (fri) lisens via Wikimedia Commons, vil innebera at alle menneskje i verda får fri tilgang til materialet og kan nytta det vidare. Framfor desse eineståande moglegheitene står berre eitt hinder – det må gjerast eit teknisk utviklingsarbeid med å konvertera eller mellomlagra data og metadata på eit vis som tillet masseopplasting av bileta.

Vi vil i dette prosjektet samarbeida med Kultur-IT, den digitale utviklingseininga hjå kultursektoren. Det vil og bli arbeidd med å sikra den norske tilgangen til og brukarstyringa av publiseringsverktyet som Wikipedia og Wikimedia Commons nyttar ved artikkelskriving og biletopplasting. Dette er særleg viktig i arbeidet med å læra opp tilsette i kultursektoren og akademia i publisering via Wikipedia og Wikimedia Commons. Ikkje minst vil dette innebera norsk tilpassing og opplæring i både ekspertverkty, og i den nye redigeringsløysinga (Visual Editor) som i 2014 fullt ut skal implementerast på Wikipedia i Noreg. Prosjektet knyter seg i fyrste rekkje til det omfemnande samarbeidet som raskt blir utvikla mellom Wikimedia Noreg og norske institusjonar i kultursektoren.

Prosjektets årskostnad er kring 1,1 millionar kroner. Til prosjektet vert det søkt om å tilsette 2 prosjekt-medarbeidarar som skal ha ekspertise i Wikimedia-prosjekta si programløysing (MediaWiki) og arbeida fram løysingar for naudsynt samverknad mellom denne og dei programvarene og databasane som vert nytta av dei største arkiv-, bilete og objektsamlingane i Noreg.

Prosjekt 2 – Nynorsk breiddeleksikon

Det neste prosjektet det blir søkt tilskot for, skal på avgjerande vis styrka Wikipedia på Nynorsk si dekning av viktige breiddetema. Ein hovudmangel ved Wikipedia er at ein del sentrale kulturelle og vitskaplege emne har mangelfull omtale, det gjeld ofte tema som krev meir oversyn, i motsetnad til meir spesielle eller ”smale” tema[15]. Prosjektet skal bidra til og formidla ei større stamme av hovudtermar på nynorsk, slik at Wikipedia bidrar til å styrke nynorsk som formidlingsspråk i danninga av ei kulturell og vitskapleg terminologi. Dette vil bidra til utbreidd parallellspråksdugleik i store lag av folket, og styrka for demokratisk deltaking i auka grad knytt til ordskifte om faglege og tematiske område.[16] Det overordna verksemdsmålet vert å styrka omtalen av sentrale grupper av termar:

  • Kulturarv i form av ein norsk kulturkanon, med omtale av litterære verk, vesentlege norske forfattarar, musikarar, biletkunstnarar, scenekunstnarar, osb., og tilhøyrande kulturelle omgrep innanfor desse kulturelle verksemdene.
  • Språkvitskaplege og språkhistoriske emne, utvalde sentrale dialektar i Noreg, stadnamn-typar, forskarar innanfor språk- og namnegranskinga, osb.
  • Vitskaplege kjerneomgrep innanfor naturvitskapane, slike som dei biologiske gruppene, kjerneomgrepa i fysikken, grunnstoffa, bergartar og provinsar i geologien, osb.

Det skal leggjast vekt på mobilisering av aktive skribentar frå både akademia, kulturinstitusjonane, og institusjonelle samarbeidspartnarar. Målet i Wikimedia Noreg sin Strategiplan er at det innan 2015 vert mobilisert månadleg aktive 300 skribentar, og 100 særs aktive skribentar, på nynorsk-versjonen.

Måla skal nås gjennom fylgjande arbeid:

  1. Sentral utarbeiding av komplette lemma-lister (raudlenka lister) over manglande artiklar, dels maskingenererte frå eksterne databasar (som for namna i norsk biografisk leksikon[17]), dels utarbeidd gjennom samarbeid med akademia og kulturinstitusjonar.
  2. Automatisert uthenting og prosessering av data frå Språkbanken, forskardatabasen Cristin (universiteta), Bokhylla (Nasjonalbiblioteket), BYBSYS, SAMBOK, osb., for manuell og/eller halvautomatisk produksjon av artiklar.[18]
  3. Samarbeid med kulturinstitusjonane under Norsk kulturråd om innhald av sentrale kulturelle emne, med tilhøyrande dugnadsprosjekt for omsetjing til nynorsk der det er naudsynt.
  4. Samarbeid med akademia om innhald innafor naturvitskaplege emne og kjerneomgrep.
  5. Lenka flest mogleg Wikipedia-artikler på desse felta, til relevante nynorske læreplanar, med enkle oversiktar over artikkelsamlingar knytt til kvar enkelt læreplan, for å støtte opp formidlinga av fagtema på nynorsk via lærarane i skulen.[19]
  6. Stipend og skrivetevlingar utlyste via Wikipedia, høgare lærestadar, og samarbeidspartnarar.

Prosjektets årskostnad er kring 2,0 millionar kroner. Det blir bemanna med 3 prosjektmedarbeidarar, av dei 2 tilsette for å etablera prosjektsamarbeid med eksterne partnarar og akademia, og 1 tilsett for språkfagleg utvikling. Prosjektet vil innebera visse løyvingar til stipend, med tildelingsrutinar og – organisering i samarbeid med eksterne partnarar. Vi vil søkja om finansiering av tevlingar, osb., frå eksterne kjelder, i første hand Wikimedia Foundation sitt grants-program for kortsiktige prosjekt.

Prosjekt 3 – Wikipedias ABM-formidling (bokmål)

Parallelt med nynorsk-prosjektet ”Nynorsk breiddeleksikon”, vil Wikimedia Noreg under denne søknaden søkja tilskot for eit prosjekt for realisering av ei rad samarbeid med Norsk kulturråd og deira institusjonar, i fyrste rekkje Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, Riksantikvaren, og visse museum. Desse samarbeida er delvis sett i gang allereie, under ein omfemnande hovudavtale mellom WIkimedia Noreg og Norsk kulturråd. Målet med samarbeidet er å styrka institusjonane si deltaking i formidling av kulturarv, kulturhistoriske emne, samlingar og ressursar frå eigne databasar.

Prosjektet vil ha fokus på fylgjande verksemder:

  1. Vidareføre samarbeidsavtalen med Norsk kulturråd som vart igangsett i 2012, med gjennomføring av kursing av ABM-tilsette (trinn 2), workshops kring artikkel-produksjon, seminarrekka Wikipedia Academy, og andre relevante skuleringstiltak
  2. Oppfølging av samarbeidspotensialet kring ”Kultur- og naturreiser”, deriblant teknisk utviklingsarbeid for brukargrenseflata mellom Wikipedia og denne tenesta.
  3. Fylgje opp og dra maksimal nytte av dei igangsette prosjekta Wikipedian-in-residence, med Riksantikvaren, Oslo museum og Norsk folkemuseum
  4. Samarbeide med institusjonane om formidling av fagtermar knytt til museas og arkivas kulturhistoriske ressursar
  5. Arbeid med kjeldetilfang, serleg ved gjennomgang av institusjonane sine ressursar med omsyn til kva delar av ressursane som er mest egna for kjeldeformål, og ved arbeid med program som kan løysa behov for autolenking, djuplenking osb.
  6. Omfattande arbeid med vidare formidling av musea og arkiva sine samlingar av bilete, til den globale, opne databasen Wikimedia Commons, i form av kursing av ABM-tilsette, lisensarbeid, og dugnadsmobilisering. Ein rad institusjonar har donert bilete til Commons, mellom dei nederlandske Rijksmuseum og Tropenmuseum, tyske Bundesarchiv, Oslo museum, og Norsk folkemuseum. Samlingane på hundretusenvis av bilete dokumenterer eit unikt kulturhistorisk materiale, og blir gjort globalt og opent tilgjengeleg for alle, t.d. på meir enn 200 språkversjonar av Wikipedia, og på ein rad andre digitale tenester i inn- og utland.
  7. Bistand til kulturinstitusjonar som ynskjer hjelp med lisensiering, digitalisering og digitalt formatarbeid, og spreiing av digitale mediefiler (bilete, lydfiler, opptak, osb.)

Prosjektets årskostnad er kring 1,7 millionar kroner. Det blir bemanna med 3 prosjektmedarbeidarar, av desse er ein tilsett for oppfylging av samarbeidet med Norsk kulturråd, og to er tilsett for kursing, rettleiing og teknisk utviklingsarbeid i samband med formidlingsarbeidet og arbeidet med arkiverte bilete og andre mediefiler. Vi vil søkja finansiering av samarbeidet med Wikipedians-in-residence frå eksterne kjelder, mellom anna einskilde institusjonar og Wikimedia Foundations grants-program.

Prosjekt 4 – Wikipedia på norske minoritetsspråk

Wikimedia Noreg har 2010-2012 gjennomført eit prosjekt med finansiering frå Sametinget, om styrking av den nordsamiske versjonen av Wikipedia. Gjennom prosjektperioden har talet på artiklar auka frå om lag 3.500, til om lag 7.000. Samiske skribentar har vorte kursa, og det har vorte premiert artiklar etter ein på førehand godkjend premieringsnøkkel. Ressursane frå slike samlingar som Språkbanken, Bokhylla, osv., som nemnt under Prosjekt 2 ovanfor, ynskjer Wikimedia Noreg å nytta i arbeidet med å bygge opp eit nordsamisk minimums-leksikon med omtale av sentrale termar innanfor norsk og samisk samfunnsliv, kultur, natur og vitskap. Prosjektet vil retta seg inn mot å vidareutvikle prosjektet retta mot skulane i grunnopplæringa i dei samiskspråklege områda. Eit viktig mål er bruk av Wikipedia-ressuren som plattform for informasjon, deling, og skriveopplæring.

Vi vil arbeida med eit underprosjekt for å nå ut til skulane som har stort innslag av andre minoritetsspråk hjå elevane, med opplegg for bruk av Wikipedia i morsmåls- og norskopplæringa. Skulane skal få høve til å få rettleiing når dei nyttar Wikipedia i skriveopplæring i båe språk-situasjonane, både i skrivetrening på morsmål og i arbeid med norske tekstar og norskspråklig undervisning. Tilfanget av omtale av norske emne på minoritetsspråka i Noreg er i dag særs avgrensa[20], og dette rammar elevane si opplæring i morsmål ved at dei ikkje får tilgang til eit breitt spekter av omgrep og termar som eit leksikon på eige morsmål kan gje.

Prosjektets årskostnad er kring 1,1 millionar kroner. Det inneber at Wikimedia Noreg søkjer Kulturdepartementet om løyving til å tilsette 2 prosjektmedarbeidarar for utvikling av læreressursar for skulane, knytt til nordsamisk og andre minoritetsspråk. For prosjektet for nordsamisk vil vi prøva å få alle kostnadane knytt til utvikling, honoreringar, osb., dekt av Sametinget som prosjektfinansiering.


Søkjarens rekneskap og budsjett 2012-2016

Wikimedia Noreg vil i prosjektperioden 2014-2016 stå for all prosjektorganisering, tilsetjing av medarbeidarar, arbeidsgivarrolla og –ansvaret, rekneskap og budsjettering, og rapportering av resultat i tråd med departementets regelverk. Det vil bli gjort rekneskapsmessig skilje for kvart prosjekt med integrert rapportering av resultat og verknad hjå målgruppene.

Wikimedia Noreg tilset ein sekretariatsressurs frå juli 2013, finansiert av Wikimedia Foundation (WMF). I kombinasjon med eit arbeidande styre vil organisasjonen gjennomføra prosjekta i nær dialog med departementet og departementets løyvingsreglement. Dagens styre består av medlemmer med brei prosjekterfaring, og vil med faste tilsette skipa ein organisasjon som kan gjennomføra desse prosjekta. Styret er kjend med rekneskapslovens ansvarstilhøve og har vedteke ein detaljert styreinstruks[21] for å sørgja for økonomisk styring, vedtaksrutinar, osb. Her gjer vi det utførleg reie for organisasjonens rekneskap og budsjett knytt til prosjekt i perioden 2010-2013 (historisk), samt 2014-2016 under føresetnad at tilskota i denne søknaden vert løyva.

Post
Rekneskap
2012
Budsjett 2013
Budsjett 2014
Budsjett 2015
Budsjett 2016
Kommentarar
Wikimedia Foundation prosjekt 125.609 150.000 150.000 200.000 200.000 Einskilde prosjekt
Wikimedia Foundation program 0 400.000 800.000 800.000 800.000 WMF (FDC) programstøtte
Kontingentar, sal, mv 44.068 62.500 100.000 100.000 100.000 Medlemmar, osb
Sametinget 22.990 100.000 200.000 200.000 200.000 Prosjekt, uavklart
Søknad om tilskot, KUD 0 0 5.950.000 6.070.000 6.130.000
Uavhengige inntekter 192.667 712.500 1.250.000 1.300.000 1.300.000
Personal, WMF-program 0 240.000 480.000 490.000 500.000 Frå juli 2013
Personal, prosjekt 1 0 0 960.000 980.000 990.000 Infrastruktur
Personal, prosjekt 2 0 0 1.440.000 1.480.000 1.500.000 Nynorsk breidde
Personal, prosjekt 3 0 0 1.440.000 1.480.000 1.500.000 ABM-formdeling
Personal, prosjekt 4 0 0 960.000 980.000 990.000 Minoritetsspråk
Kontorlokale 0 50.000 50.000 50.000 50.000 Dagens behov
Kontorlokale prosjektorg 250.000 250.000 250.000 Auka behov
Prosjekt Sametinget 22.990 100.000 200.000 200.000 200.000
Kurs og seminar 123.481 85.000 110.000 150.000 150.000
Andre kostnader 55.889 75.000 75.000 100.000 100.000
WMF-program 0 155.000 320.000 310.000 300.000
Andre kostnadar, prosjekt 1 0 0 100.000 100.000 100.000 Infrastruktur
Andre kostnadar, prosjekt 2 0 0 500.000 500.000 500.000 Nynorsk breidde
Andre kostnadar, prosjekt 3 0 0 200.000 200.000 200.000 ABM-formdeling
Andre kostnadar, prosjekt 4 0 0 100.000 100.000 100.000 Minoritetsspråk
Kostnadar prosjekt 1-4, KUD 0 0 5.950.000 6.070.000 6.130.000
Uavhengige kostnadar 202.360 955.000 1.235.000 1.300.000 1.300.000

Wikimedia Noreg gjer med glede ut meir detaljert oversyn over rekneskap og budsjett.


Vi ber om at Regjeringa legg eit tilskot til Wikimedia Noreg inn i Kulturdepartementets budsjett frå 2014, som eit kulturelt og språkpolitisk tiltak av monaleg nasjonal verdi.





Med vennleg helsing

  ________________
Jon Harald Søby
__________________
    Erlend Bjørtvedt
  Leiar, Wikimedia Noreg     Nestleiar, Wikimedia Noreg

Referansar

  1. Store norske leksikon (SNL), Norsk biografisk leksikon (NBL), og Medisinsk leksikon, i eitt brukargrensesnitt.
  2. Alexa Top Sites in Norway The top 500 sites in Norway
  3. Kronikk En fjern, liten verden Verden er et tastetrykk unna - men norske elever velger det kjente og nære av Ståle Angen Rye, Jostein Austvik, Johan Fredrik Rye
  4. Monitor 2011 Skolens digitale tilstand (pdf)
  5. Sentio / Universitetsbiblioteket i Trondheim Den som søker finner En kvalitativ undersøkelse om hvordan studenter og forskere søker informasjon og litteratur på internett
  6. stats.wikimedia.org
  7. stats.wikimedia.org Database size
  8. Patrulljeringslogg (tung side)
  9. regjeringen.no St.meld. nr. 17 (2006-2007) Eit informasjonssamfunn for alle
  10. Prop. S nr 1 (2012-2013) Statsbudsjettet, Kulturdepartementets budsjettproposisjon, side 119.
  11. Prop. S nr 1 (2012-2013) Statsbudsjettet, Kulturdepartementets budsjettproposisjon, side 128.
  12. allkunne.no Allkunne og Caplex
  13. Summen av taggane <ref> og {kilde} på bokmålsversjonen av Wikipedia.
  14. regjeringen.no St. meld nr 35 (2007-08) Mål og meining, avsnitt 7.1.5.4.
  15. Eit døme: "Fysikk" er ein brei oversiktsartikkel, medan "Schrödingerlikninga" er ein smalare artikkel.
  16. Stortingsmelding nr 35 (2007-08) Mål og meining, avsnitt 7.1.5.4.
  17. Liste over 5800 biografier i Norsk biografisk leksikon (sida er tung å laste)
  18. Eit døme på lemma-lister ved uttrekk av data frå offentlege databasar, er gjort ved opplasting av 6.000 yrke frå NAV sin yrkeskatalog
  19. Utdanningsdirektoratet Læreplan i naturfag
  20. Sjå til dømes differansen i: Wikipedia - Oslo (bokmål), Wikipedia - Oslo (nordsamisk), Wikipedia - Oslo (urdu).
  21. Instruks for styret i Wikimedia Norge