Årsplan 2025/Handlingsplan
- Handlingsplanen for kalenderåret 2025 er basert på handlingsplanen for juli 2024–juni 2025 som blei vedtatt på Wikimedia Noreg sitt årsmøte 10. februar 2024. Nokre aktivitetar har gått ut, eller blitt lagt til, og måla er justerte, for å reflektere det arbeidet som blir gjort i 2025. Planen for 2025 og budsjettet blei vedtatt av styret i WMNO den 24. august 2024. Kontrollkomiteen og våre medlemmer blei informert på e-post og på vårt medlemsmøte same dag.
I 2023 vedtok Wikimedia Noreg (WMNO) ein strategi for 2023–2028, som set retninga for årsplanane. Ressursane i organisasjonen er avgrensa, og skal vi nå våre langsiktige strategiske mål, må vi velje mellom aktivitetar. Resultata våre for 2023 var gode på nokre områder, medan andre områder krev ytterlegare innsats før vi kan forvente å sjå framgang. Så langt er resultata våre for 2024 lovande, og vi er spesielt glad for at fase 2 av prosjektet «Styrka kvinneandel på Wikipedia» no er finansiert fram til slutten av 2026 med eit tilskot på 1,4 millionar kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Det digitale landskapet har endra seg mykje dei siste åra, og talet på bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta er i nedgang. KI (kunstig intelligens) og forbetra tenester som tilbyr kunnskap innsamla av maskiner, kan ikkje erstatte bidragsytarane sin kritiske sans og kvalitetsvurdering. Det er viktig at vi held fram med å prioritere og tene wiki-fellesskapet. Vi ønskjer å bygge samhald, rekruttere nye medlemmer og tilby moglegheiter for læring. Frå oktober 2024 og til slutten av 2025 jobbar vi med prosjektet vårt Fiks det! Vedlikehald av Wikipedia, som omfattar ei handfull aktivitetar som leiar fram til Wikipedia sitt 25-årsjubileum i 2026. Vi vil hjelpe Wikipedia-fellesskapet og ABM-partnerar med å redusere vedlikehaldsetterslepet og oppmuntre til ei proaktiv tilnærming: Når du veit at noko må gjerast, ikkje berre påpeik det til andre. Fiks det, viss du kan! Aktivitetane byrjar å ta form hausten 2024, men det er behov for vidare planlegging.
Den auka innsatsen på kommunikasjon, som er lagt inn i våre tidlegare årsplanar, har gitt resultat. Sjølv om stillinga er midlertidig ledig når denne planen blir skriven, har vi no ein informasjonsmedarbeidar som ein del av vår faste stab. Arbeidet er ein del av våre daglege kjernefunksjonar og ikkje berre eit midlertidig krafttak i planen for komande periode. Ein meir synleg offentleg profil hjelper oss med å styrke organisasjonen sitt grunnlag, og vi kan trappe opp arbeidet med å auke dei frie inntektene. Eit skifte frå små prosjekt med ikkje-målbare effektar, til større fleirårige prosjekt, vil også styrke grunnlaget vårt, men prosjektutvikling vil kreve ein vesentleg del av våre personalressursar.
I 2025 skal vi sørge for at vår daglege drift bidrar til å nå måla våre, og vi vil auke innsatsen på følgjande område:
- Wiki-fellesskapet sine møteplassar
- Å rekruttere og følgje opp medlemmer og frivillige i Wikimedia-prosjekt
- Arbeide for å auke organisasjonen sine frie inntekter
- Utvikle og sette i gang større fleirårige prosjekt
- Utvikle wiki-opplæring for vidaregåande skule og/eller høgare utdanning
- Å styrke små underrepresenterte språk i Wikimedia-prosjekta, først og fremst Wikipedia på nordsamisk
Strategisk mål 2023–2028:
Støtte opp om og styrke fellesskapet av medlemmer og Wikimedia-prosjekta sine frivillige og lesarar. | |
Handlingsplan for 2025 | |
---|---|
Tiltak | Mål |
Wikitreff i Oslo og minst to andre byar arrangert av frivillige eller WMNO:
Minst to treff har bidragsytarar på nordsamisk Wikipedia som målgruppe. |
Evalueringar syner høg grad av tilfredsheit blant deltakarane.
Minst 60 deltakarar er med på eit wikitreff for første gong. 25 fysiske/digitale deltakarar på WikiNobel. I løpet av perioden har vi bidragsytarar frå alle dei tre Wikipedia-språkversjonane som vi følgjer opp, blant deltakarane. |
Arrangere årsmøte i første kvartal av 2025. | 50 % auke i tal medlemmer som deltar på årsmøtet, samanlikna med 2023.[1] |
Arrangere eit medlemsmøte hausten 2025, der det blir gitt ei oppdatering om arbeidet med handlingsplanen. | Styrke WMNO som medlemsstyrt organisasjon. |
Organisere ei helgesamling for Wikipedia-administratorar og fadderar. | 15 deltakarar |
Arrangere Starthjelp med Wikipedia første onsdag kvar månad og tilby individuelle økter på førespurnad. Starthjelp blir også tilbydd grupper hos samarbeidspartnerar, institusjonar og andre. | Rekruttere og lære opp minst tre fadrar som kan bidra til å halde Starthjelp.
Minst 30 deltakarar i løpet av perioden. Halvparten av deltakarane er aktive bidragsytarar på Wikipedia i minst ein måned.[2] |
Styrka kvinneandel på Wikipedia – 2024–2026
I dette prosjektet vil vi auke talet på kvinner som tar del i infrastrukturen av administratorar, fadrar og bidragsytarar på dei to norskspråklege versjonane av Wikipedia, for å gje innhaldet eit meir kjønnsbalansert perspektiv. Det er eigne mål for kvart år av prosjektet og for heile prosjektet samla. |
Mål for 2025: Minst 60 deltakarar på Wikipedia-kurs for kvinner, og dei blir deretter følgt opp av ein fadder i minst tre månader. Ein tredel av kvinnene er aktive bidragsytarar på Wikipedia eitt år etter at dei deltok på eit kurs. |
Fiks det! Vedlikehald av Wikipedia
Oktober 2024–desember 2025: Månadleg skrivekonkurranse på Wikipedia (norsk bokmål, nynorsk, nordsamisk, enaresamisk) for å legge til referansar og kjelder i kjeldelause artiklar. Eit team vil bli etablert for å forbetre UKBot, som blir brukt av norsk bokmål, baskisk, finsk og katalansk Wikipedia for å organisere skrivekonkurransar. Teamet skal vedlikehalde boten over tid. Andre prosjektaktivitetar vil bli lagt til. |
Kjelder er lagt til i 30 000 Wikipedia-artiklar.
Forbetra UKBot krasjar ikkje lenger. Men dersom den krasjar, har vedlikehaldsteamet tilgang og kunnskap til å fikse det. |
Wikistipend (reisestipend)
Medlemmer kan søke om å få dekka reise og opphald på Wikimedia-bevegelsen sine møter og konferansar i inn- og utland. |
Tre frivillige har representert WMNO i internasjonal samanheng.
Fem frivillige har fått reisestøtte og deltatt på wikitreff eller eit WMNO-møte. |
Måltal Tiltaka ovanfor kan bidra til å nå måltal for medlemsmasse og einskildgrupper av frivillige på Wikipedia. Mange tiltak vil vere opne for alle interesserte, men nokre vil bli reservert for eller marknadsført overfor spesifikke målgrupper.
Medlemmer:
Vi har sett oss mål om 40 % årleg medlemsvekst, og ein slik vekstrate gjennom den femårige strategiperioden vil gje følgjande resultat:
Vi hadde 64 medlemmer ved årsslutt 2023, så veksten i løpet av året var på 31 %.
Eldsjeler på Wikipedia:
I 2023 såg vi ein nedgang i tal bidragsytarar, administratorar og patruljørar. Målet for 2024 er å stanse nedgangen og bli verande på 2023-nivået for bokmål og nynorsk. På nordsamisk må vi få ein vekst for at leksikonet skal vere levedyktig på sikt. Dermed blir måltala:
Snitt per månad | Ved årsslutt | |||
---|---|---|---|---|
Bidragsytarar[3] | Aktive bidragsytarar[2] | Administratorar | Patruljørar | |
Bokmål | 2 954 | 320 | 40 | 164 |
Nynorsk | 232 | 29 | 15 | 10 |
Nordsamisk | 40 | 6 | 3 | 3 |
Totalt | 3 226 | 355 | 58 | 177 |
WMNO klarte å rekruttere tre nye fadrar i 2023. No som vi har trappa opp kursverksemda vår, er det behov for fleire. Vi har som mål å auke talet i 2024 og deretter oppretthalde nivået i 2025:
Fadrar | 2022 | 2023 | Mål for 2024 og 2025 |
---|---|---|---|
Bokmål | 6 | 6 | 8 |
Nynorsk | 0 | 2 | 3 |
Nordsamisk | 0 | 1 | 2 |
Totalt | 6 | 9 | 13 |
Ønska betring av kjønnsbalanse:
50–50 kjønnsfordeling for tilveksten av eldsjeler som kan knytast til WMNO-tiltak.
Strategisk mål 2023–2028:
Vere ein profesjonell frivillig organisasjon, som arbeider for ein sunn økonomi, aktiv medlemsrøkting og gode langsiktige planer. | |
Handlingsplan for 2025 | |
---|---|
Tiltak | Mål |
Halde fram med arbeidet for at WMNO skal bli godkjent som mottakar av donasjonar som gjevar får skattefrådrag for. | Auka inntekt av frie midlar. |
Legge til rette for testamentariske gåver til organisasjonen. | |
Systematisk arbeid for å få politisk støtte til søknader om offentleg driftsstøtte. | |
Setje av tilstrekkeleg tid til prosjektutvikling, kontakt med potensielle tilskotsgjevarar og søknadsskriving. | Toårig prosjektfinansiering av Wiki inn i utdanning. |
Strategisk mål 2023–2028:
Vere ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for aktuelle delar av ABM (arkiv, bibliotek og museum) og utdanningssektoren, myndigheiter og sivilsamfunnet. | |
Handlingsplan for 2025 | |
---|---|
Tiltak | Mål |
Vidareutvikle og spisse kommunikasjonsarbeidet vårt. | Stabile eller aukande tal for rekkevidde i sosiale medium og sidevisningar på wikimedia.no.
30 % av mottakarane av nyheitsbrevet vårt klikkar seg inn på fulltekst av noko av innhaldet. Fem oppslag i regionale/nasjonale nyheitsmedium om vårt interessepolitiske arbeid. |
Praksisplass med utgreiingssoppgåve for bachelor-/masterstudent på relevant studium. Utlysning haust 2024, gjennomføring vår 2025. | Styrka samhandling med eit universitet eller ein høgskule.
Ny kunnskap om fagfeltet vårt og WMNO sitt arbeid. |
Wiki inn i utdanning
Hausten 2024 samlar vi framleis inn innspel og jobbar med å formalisere samarbeid med relevante partnarar for å gje prosjektet form: Førebu eit prosjekt med det føremål å utvikle og innføre ein eller fleire digitale læremiddel. Tema: Kjeldekritikk, digital danning og fri kunnskapsdeling i Wikimedia-prosjekta.
|
Sikre finansiering og praktisk gjennomføring av eit toårig prosjekt under leiing av ein heiltidstilsett lærar eller formidlar.
Planlagt prosjektstart i første halvår av 2025. |
Fiks det! Vedlikehald av Wikipedia
Minst eitt av tiltaka i prosjektet blir retta mot bibliotekarar. |
Minst 20 bibliotekarar frå våre eksisterande og framtidige ABM-partnarskap deltar i prosjektaktivitetar. |
Strategisk mål 2023–2028:
Delta aktivt i internasjonalt wikiarbeid. | |
Handlingsplan for 2025 | |
---|---|
Tiltak | Mål |
20 % av ei stilling er via tilrettelegging for underrepresenterte språk i Wikimedia-prosjekta, særskilt i Language Committee, Incubator og eventuelt utviklingsprosjekt for språkteknologi. Arbeid i Wikimedia Language Diversity Hub blir prioritert dersom huben får ein fungerande styringsstruktur, ei strategisk retning og ein hensiktsmessig handlingsplan. | Styrking av kunnskapsdeling på små, underrepresenterte språk i Wikimedia-prosjekta, mellom anna nordsamisk. |
Opprette nordisk nettverk for å styrke samisk innhald og innhaldsproduksjon på samiske språk i Wikimedia-prosjekta. | Innleiande nettverksmøte hausten 2024 og oppfølgingsmøte våren 2025. |
To skriveverkstader for samiskspråklege wikipedianerar og norskspråklege wikipedianerar som vil skrive om samiske tema. | 20 nye artiklar om samiske tema.
Sjå også måltal for eldsjeler på nordsamisk Wikipedia. |
Medlemmer og tilsette blir stimulert til kunnskapsutveksling og nettverksarbeid i det daglege og på møter eller konferansar. | WMNO bidrar til, og lærer av, det globale arbeidet for fri og open kunnskapsdeling. |