Bruker:Sigrunespe

Fra Wikimedia Norge

Mitt namn er Sigrun Espe og eg er for tida tilsett i avdeling for kultur, idrett og inkludering, seksjon arkiv, i Vestland fylkeskommune der eg er så heldig at eg får jobbe med eit så spennande felt som digital kulturformidling. Eg brukar og redigerer Wikipedia både i fritida mi og på jobb, mest på nynorsk og litt på bokmål.

I mars 2018 vart eg vald inn i styret i Wikimedia Norge, og frå mars 2020 til mars 2022 har eg vore styreleiar.

Eg registrerte meg først som brukar på Wikipedia 23. september 2010. Eg jobba for SLUG og var med som deltakar på eit kurs i regi av RORG-samarbeidet. Her fekk eg lære mykje om Wikipedia av blant andre Ulflarsen og KnutHj. Etter dette har eg jobba sporadisk med Wikipedia.


Mine bidrag


Les meir om meg eller kontakt meg på brukarsida mi.