Årsmøte 2013/Valg- og kontrollkomiteens årsmelding

Fra Wikimedia Norge

Årsmelding frå Val- og kontrollkomiteen i Wikimedia Noreg, 2013

Dette dokumentet inneheld Val- og kontrollkomiteen si årsmelding til årsmøtet i Wikimedia Noreg 2012. Bakgrunnen for ei slik årsmelding er retningslinene i komiteen, som seier at «kontrollkomitéen skal føre tilsyn med at foreningen ledes og fungerer på en hensiktsmessig og økonomisk forsvarlig måte ut fra vedtekter og vedtak, samt vanlig organisasjonsmessig praksis». Denne årsmeldinga dekkjer arbeidet komiteen har hatt med å føre tilsyn med styret valt ved årsmøtet 26. april 2012.

Komiteen har i perioden vore sett saman av:

  • Ole Anders Flatmo (leiar)
  • Hogne Neteland
  • Nikolai Sandved
  • Lars Åge Kamfjord

Komiteen har pr. 22. mars 2013 heldt tre fysiske møter, i tillegg til kontakt via e-post. Komiteen deltok også på fem styremøte.

Kontrollkomiteen og styret har i denne perioden hatt eit godt samarbeid. Kontrollkomiteen har ikkje motteke eit revidert rekneskap innan 22. mars 2013.

Fylgjande arbeid er utført i valkomiteen:

  1. Komiteen meiner at tidlegare praksis for fullmakter skal førast vidare.
  2. Komiteen har kontakta fleire aktuelle kandidatar til styrearbeid, og annonsert på Tinget, Samfunnshuset og Gáffestohpu etter nye kandidatar.
  3. Komiteen har lagt fram innstilling til samansetting av styre for neste periode.

Nesodden, 23. mars 2013
Hogne Neteland
for i val- og kontrollkomiteen i Wikimedia Noreg, 2013