Årsmøte 2015/Årsmelding 2014 2015

Fra Wikimedia Norge

Årsmelding 2014/2015 for Wikimedia Noreg

I styreperioden 2014/2015 har Wikimedia Noreg vidareførd eit høgt aktivitetsnivå i foreininga. Styre og tilsette har organisert og arbeida vidare med ei rekkje prosjekt, aktivitetar, arrangement og anna, som har retta seg mot medlemer, wiki-miljø, media og mange aktuelle offentlege og private samarbeidspartnarar. Me har i stor grad tatt initiativ for å stø oppunder foreiningas formål, og søkt å innrette alt vårt arbeid deretter.

Årsmeldinga er eit kort oversynsdokument frå styre i foreininga. Rapportar, rekneskap, budsjett o.s.fr. er ikkje teken inn i sjølve meldinga. Årsmeldinga inneheld nokre url-adresser for nettlenker. Hovudformat er særskild publisering på foreiningas nettstad, men med eigen prent av tekst saman med årsmøtedokumenta.

Styre

Styret i Wikimedia Noreg har i valperioden 2014/2015 vore samansett av sju faste medlemer, samt ein representant for dei tilsette. Styre har i perioden hatt ein vara.

Jarle Vines (leiar) Erlend Bjørtvedt (nestleiar/kasserar) Ole Anders Flatmo (sekretær) Knut Hjelleset Trond Trosterud Astrid Carlsen Hogne Neteland Harald Groven (varamedlem) Jorid Martinsen (tilsettrepresentant)

Styremøter, styrearbeid og overordna mål

Styret har hatt 13 ordinære styremøter (per 23.3.2015) sidan årsmøtet i 2014. Fleirtalet av desse har vore via telefonkonferanse (Skype), men styret har au hatt fysiske møter. Møteverksemda i foreininga har vore godt på nivå med tidlegare år. Møtereferat frå styremøter er tilgjengelege på nettsidene til Wikimedia Noreg.
Nettlenke: no.wikimedia.org/wiki/Oversikt_over_styremøter
Utover det har styre som heilskap hatt frekvent kontakt, mellom anna på epost, og styremedlemer imellom i samband med enkeltsaker, møter, arrangement og oppgåver i foreininga. Styre ynskjer å sørgje for gagnleg og praktisk kontakt mellom styre og tilsette i foreiningas verksemd, og foreininga har fått ein tilsettrepresentant i styre. Det er i dag ein ny situasjon i Wikimedia Noreg, kor ein monaleg del av arbeidet i foreininga no vert gjort av tilsette, og ikkje berre friviljuge. Me er avhengig av ei formålstenleg ordning og god oppfylging av tilsette frå styre si side, og me har vunne mykje røynsle i perioden.

Til grunn for styre sitt arbeid ligg foreiningas vedtekter og styreinstruks. Paragraf 2 fastset Wikimedia Noregs formål, å styrka Wikimedia-prosjekta, spesielt dei på norsk og samisk. Det skal mellom anna skje ved å: 1. samla inn økonomiske middel gjennom gåver og støtteordningar, og fordele desse midla. 2. delta i koordinering av samarbeidet mellom prosjekta, og å samarbeide med andre partar der dette kan tene prosjekta til Wikimedia. 3. styrka samarbeidet med prosjekta til Wikimedia i andre nordiske land og internasjonalt 4. marknadsføre prosjekta til Wikimedia. 5. vera ein høyringspart overfor styresmakter og organisasjonar ved opphavsrettslege spørsmål

I Strategi 2011-2015, har ein tidlegare samanfatta ei overordna målsetjing, og styrets arbeid i valperioden har heldt fast ved ho: «Wikimedia Noreg skal vere den leiande norske organisasjonen for menneskje som trur at kunnskapsdeling og open kunnskap bring samfunnet framover. Vi skal vere ein synleg forkjempar for open og uavhengig kunnskapsdeling. Vi skal bidra til at norsk informasjon og offentlege data vert opna for eit globalt publikum i fri lisens.»

Medlemskap

Per XXXXX var det XXXX medlemer som har røysterett til årsmøtet i 2015. Nokre av desse betalte kontingenten i 2014. Wikimedia Noreg er sjølv medlem av bransjeorganisasjonen IKT-Noreg, nettverket Movation og Studieforbundet næring og samfunn.

Styret er ikkje nøgd med talet på medlem, og ynskjer i neste periode å verve fleire medlem.

Tilsette

Wikimedia Noreg tilsette i 2013 prosjektmedarbeidarar for fyrste gong. Astrid Carlsen (heiltid) Tor Arne Bjerke (deltid) Jorid Martinsen (deltid) Alle tre fekk mellombels engasjement vidareført gjennom 2014 og inn i 2015. Astrid Carlsen har frå 18. februar 2015 vore utpeika som dagleg leiar. Behov for endringar i arbeidsoppgåver handterast av komande styre, i fall praktisk arbeidsdeling mellom styre og tilsette krev det. Sjå økonomi og budsjett kva gjeld foreiningas høve til vidare tilsetjingar framover i perioden 2015/2016.

Økonomi

Sjå rekneskap og budsjett for detaljar. Økonomien i foreininga har vore god igjennom perioden med omsyn til prosjekt, aktivitetar og vår daglege verksemd. Løyvingar frå Wikimedia Foundation har gjort mogleg å halde fram med eit lite kontorlokale i Frivillighetshuset i Oslo, og med 3 tilsette på heil eller deltid i foreininga. Styre har mot sluten av valperioden ikkje hatt økonomisk handlingsrom til å lengje arbeidskontraktar i slikt mon me ideelt kunne ynskje eller innhente ein supplerande teknisk ressurs for dei tilsette. Prosjektet «Wikipediaopplæring for kvinnelige studenter» har henta finansiering på 250 000 kroner frå Fritt Ord og Finansmarkedsfondet. Innkomme frå donasjonar og offentlege løyvingar til foreiningas prosjekt og verksemd har ikkje auka tilfredsstillande frå tidlegare år, trass aktiv søking etter moglege finansieringskjelder. Nytt styre og tilsette må halde fram dette arbeidet komande periode.

Omtale i media

Norsk media – avisar, tidsskrift, radio – har også føregåande år hatt mykje omtale relatert til Wikipedia, og nokon artiklar er samla i eit oversyn på foreiningas nettstad. Nettlenke: no.wikimedia.org/wiki/Hovedside#Wikipedia_og_Wikimedia_i_norske_media Ikkje berre prosjekta, men også Wikimedia Noreg som foreining, har vore omtala. Styre og tilsette har aktivt søkt omtale av våre gode aktivitetar og verksemd. Arrangement so som seminaret på Litteraturhuset i november om «kjønnet kunnskapsformidling» fekk tilhøyrande medieoppslag gjennom Dagsavisen, Klassekampen og Nynorsk pressekontor, og er eit av fleire gode døme på at ein legg vinn på å få merksemd rundt foreiningas tiltak – og greier det. Oppslag i Dagens Næringsliv kring vår klagesak i samband med tilskotsordning for nettbaserte leksikon, er eit døme frå ein annan del av vår verksemd på at me maktar å koma fram i media med vårt syn. Sjå fleire døme på medieomtale i nettlenke høgare oppe.

Verksemd

Wikimedia Noreg har i perioden arbeida med ei rekkje ulike arrangement, aktivitetar og prosjekt. Aktivitetsnivået i foreininga har vore rekordhøgt, og me vil framheve eit utval sentrale aktivitetar i årsmeldinga:

  • Arbeid kring rekruttering av kvinnelege bidragsytarar, eigen dedikert medarbeidar.
  • Seminar på Litteraturhuset 27. november
  • Prosjektet «Wikipediaopplæring for kvinnelige studenter», der me har henta finansiering på 250000 kroner frå Fritt Ord og Finansmarkedsfondet. Mellom anna pågåande kursaktivitet og prosjektmedarbeidar.
  • Produksjon av filmateriell, opplæringsfilmar, tiltenkt fleire plattformar. Sjå nettlenke: https://vimeo.com/channels/wikipedia
  • Huswikipedianar på Nasjonalbiblioteket.
  • Månadlege onsdagsarrangement, foredrag/workshop, på Nasjonalbiblioteket.
  • 5 wiki-verkstader i samarbeid med ulike kulturinstitusjonar
  • 2 dagars omfattande workshop på Kunsthøgskulen i august
  • Seminar hjå NTNU Vitenskapsmuseet i desember
  • Seminar hjå Nordlandsmuseet i november
  • WLM 2014. Internasjonal fotokonkurranse som ga mange gode og relevante norske kulturminnebilete på Wikimedia Commons. Organisering og premiering for den norske delen.
  • Heildagsarrangement med fotosafari, opent kontor og wikitreff i samband med WLM.
  • Skrivekurs for kvinner saman med Girl Geek Dinners Oslo. Intervju på Kulturhuset, P2.
  • Konferansedeltaking frå Wikimedia Noreg, til dømes Wikimedia Conference i Berlin og Wikimania.
  • Besøk frå Wikimedia Foundation i august, inkludert lunsj med samarbeidspartnarar og medlemer.
  • Grunnlovsstafett/skrivestafett med profilerte kvinnelege skribentar.
  • Arbeid fram mot komande Wikipedia-academy .
  • Praktisk arbeid frå styre og tilsette med å stable eit kontor på beina hjå Frivillighetshuset har også i denne perioden kravd mykje innsats.
  • Ymse andre kurs, samlingar, workshop/wikiverkstad gjennom året.

Andre viktige, løypande oppgåver for foreininga er premiering av konkurransar på-wiki, sosiale tiltak/wikitreff, fotosafari o.s.fr. Her ser ein eit stort potensiale for auka aktivitet, både for ein større involvering av nettsamfunnet og komande vervekampanjar til foreininga.

Rapportar til Wikimedia Foundation

Wikimedia Noreg har i samband med løyvingar frå Wikimedia Foundation utarbeida eigne, faste rapportar på foreiningas verksemd.


For styre i Wikimedia Noreg, Ole Anders Flatmo (sekretær)

For årsmelding på engelsk, se Annual activity report 2014-15