Årsmøte 2012/Valg- og kontrollkomiteens årsmelding

Fra Wikimedia Norge

Årsmelding frå Val- og kontrollkomiteen i Wikimedia Noreg, 2012

Dette dokumentet inneheld Val- og kontrollkomiteen si årsmelding til årsmøtet i Wikimedia Noreg 2012. Bakgrunnen for ei slik årsmelding er retningslinene i komiteen, som seier at «kontrollkomitéen skal føre tilsyn med at foreningen ledes og fungerer på en hensiktsmessig og økonomisk forsvarlig måte ut fra vedtekter og vedtak, samt vanlig organisasjonsmessig praksis». Denne årsmeldinga dekkjer arbeidet komiteen har hatt med å føre tilsyn med styret valt ved årsmøtet 9. april 2011.

Komiteen har i perioden vore sett saman av:

  • Ole Anders Flatmo (leiar)
  • Hogne Neteland (nestleiar)
  • Hans-Petter Fjeld
  • Anne-Sophie Ofrim
  • Nikolai Sandved

Komiteen har pr. 30. mars 2012 heldt fire fysiske møter, i tillegg til kontakt via e-post. Offentlege protokollar frå dei fysiske møta er lagt ut på http://no.wikimedia.org/wiki/Valg-_og_kontrollkomite. Komiteen deltok også på fire styremøte, representert med leiar.

Frå merknadene kontrollkomiteen har hatt på styret sitt arbeid vil vi spesielt peike på fylgjande ovanfor årsmøtet:

  1. Komiteen har hatt fleire kommentarar til styret på postane i rekneskapen som styret kallar «utestående fordringer».
  2. Komiteen har hatt kommentar til styret for handsaminga av «Wiki Loves Monuments 2011».
  3. Komiteen har ingen merknader til dokumentet «Wikimedia Norge Regnskap 2011 v1.docx» slik det var oversendt frå Erlend Bjørtvedt 21. februar 2012. Komiteen hadde ikkje mottatt revidert rekneskap per 13. april 2012.
  4. Komiteen og styret har i denne perioden hatt eit godt samarbeid.

Fylgjande arbeid er utført i valkomiteen:

  1. Komiteen meiner at tidlegare praksis for fullmakter skal førast vidare.
  2. Komiteen har kontakta fleire aktuelle kandidatar til styrearbeid, og annonsert på Tinget, Samfunnshuset og Gáffestohpu etter nye kandidatar.
  3. Komiteen har lagt fram innstilling til samansetting av styre for neste periode, der alle wiki-samfunna, båe kjønn, fleire landsdelar, og ulike politiske retningar er representert. Vi har også fått med representantar som har kontaktar med andre wiki-samfunn, både nasjonalt og internasjonalt. Komiteen er difor godt nøgd med innstillinga til nytt styre.


Nesodden, 13. april 2012
Hogne Neteland
Nestleiar i val- og kontrollkomiteen i Wikimedia Noreg, 2012