Komitemøte 2012-03-29

Fra Wikimedia Norge
Sted Hotel Opera, Oslo
Dato 29. mars 2012, kl 18:00
Løpenummer 16 (forrige-neste)|- Dette året 2012-01

Frammøte: Ole Anders, Nikolai, Anne-Sophie og Hogne

Ikkje frammøtt: Hans-Petter

Referent: Hogne

Saker - Kontrollkomité

  • Oppsummering:

Møtedeltakarane snakka laust om aktivitet i foreininga og miljøet sidan sist møte. Komiteen er nøgd med at også Wikipedia på svensk no syner fram skandinavisk artikkel.

  • Økonomi:
  • Det styret kallar "uteståande fordringar":
Komitéleiar oppdaterer Styret om spørsmål som igjen vart tatt opp.
  • Status
Komiteen tar til etterretning at faktura for medlemsavgift for 2012 er sendt ut per e-post.
Komiteen har enno ikkje mottatt revidert rekneskap for 2011.
  • Anna
Anne-Sophie melder at ho ikkje ynskjer å fortsette med verv i foreininga etter førstkomande årsmøte. Til informasjon.

Saker - Valkomité

  • Kandidatar

Komiteen har fått svar frå dei fleste aktuelle kandidatane og er klar til å sette opp eit forslag til nytt styre. Komiteen har greidd å få aspekt frå representantar frå administratorar på Wikipediaene på Bokmål, Nynorsk og Samisk, vi har òg fått aspekt frå båe kjønn, fleire landsdelar, og frå ulike politiske retningar. Vi har også fått med representantar som har kontaktar med andre wiki-samfunn, både nasjonalt og internasjonalt. Komiteen er difor godt nøgd med innstillinga til nytt styre.

  • Tidsplan for valkomiteen