Wikistipend
Wikistipend er ein medlemsfordel for medlemmar i Wikimedia Noreg. Det er primært tenkt som eit reisestipend for å delta på arrangement i inn- og utland, men ein kan også søkje om støtte til andre ting så lenge dei gagnar Wikimedia-prosjekta.
Stipendet har løpande frist, det betyr at ein kan søkje når som helst. Svar kan forventast innan tre veker frå ein får stadfesting (normalt neste vyrkedag).
Budsjettet til wikistipend i 2025 er 50 000 kr.
Kva ein kan søkje om
- Støtte til å delta på wikikonferansar eller andre wikiarrangement i inn- og utland
- Støtte til andre aktivitetar som bidreg til innhald på Wikimedia-prosjekta.
Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen i Wikimedia Noreg.
Korleis ein søkjer
Kopier ein av malane nedanfor, og send inn søknaden til wikistipend@wikimedia.no.
Ein føresetnad for reisestipend er at ein vel rimelegaste reisemåte og overnattingsstad med moderat standard. Kost blir ikkje dekt.
Mal for reisestipend
Namnet ditt: E-postadressa di: Brukarnamnet ditt: Konferanse eller arrangement du søkjer om å delta på (inkluder lenkje til side om arrangementet): Avreisestad: Destinasjon: Budsjett: Kva du håpar å få ut av deltakinga:
Mal for andre stipendsøknader
Namnet ditt: E-postadressa di: Brukarnamnet ditt: Kva du søkjer om: Forventa kostnader: Forventa resultat:
Tildelingskomité
I tildelingskomiteen sit ein medlem og to styremedlemmar i Wikimedia Noreg. Ein tilsett sørgjer for administrativ oppfølging.