Hopp til innhold

Årsmøte 2014/Årsmelding 2013 2014

Fra Wikimedia Norge
Hjem   Om oss   Bli medlem   Kontakt

Årsmelding 2013-2014 for Wikimedia Noreg

I styreperioden 2013-2014 har Wikimedia Noreg for første gong tilsett medarbeidarar, vi har kunne tilby Wikipedians-in-Residence for fleire organisasjonar, vore med på å arrangere Wiki Loves Monuments 2013 og arrangert Wikipedia Academy 2013 med 30 besøkande, med mykje meir.

Styre, styremøter og overordna mål

Styret i Wikimedia Noreg har i perioden 2013-2014 vore samansett av Jon Harald Søby, Trondheim (leiar), Erlend Bjørtvedt, Oslo (nestleiar og kasserar), Knut Hjelleset, Nesodden (sekretær), Jarle Vines, Sandnes (styremedlem), Anne Martens Oslo (styremedlem) Trond Trosterud, Tromsø (styremedlem), og Claes Tande, Sandefjord (styremedlem) - samt varamedlemmene Harald Groven, Tromsø, Hogne Neteland, Nesodden, og Dan Michael Heggø Olsen, Oslo.

Styret har hatt tretten styremøter sidan årsmøtet i 2013, to fleire enn i 2012. Fleirtalet av desse har vore via telefonkonferanse (Skype), men styret har også hatt fysiske møter i Oslo. Alle møtereferata er offentleg tilgjengelege på nettsidene våre.

I styreperioden arbeida styret vidare med måla i Strategi 2011-2015. Arbeidet har heldt fast ved strategiens overordna målsetting for Wikimedia Noreg:

Wikimedia Noreg skal vere den leiande norske organisasjonen for menneskje som trur at kunnskapsdeling og open kunnskap bring samfunnet framover. Vi skal vere ein synleg forkjempar for open og uavhengig kunnskapsdeling. Vi skal bidra til at norsk informasjon og offentlege data vert opna for eit globalt publikum i fri lisens.

Måla i strategiplanen er knytta opp i mot Wikimedia Foundations mål i same periode. Ved sidan av kvalitative og kvantitative mål for Wikipedia-prosjekta med spesiell interesse for Noreg inneheld strategiplanen mellom anna mål om auka del kvinnelege bidragsytarar, auka tilfang av bilete, og meir brukarvenleg og og enklare tilgjenge på mobile og faste plattformer.

Medlemskap

31. mars 2014 var det 78 medlemer som har røysterett til årsmøtet i 2014. Nokre av desse betalte sist kontingenten i 2013.

Wikimedia Noreg er også i 2013-2014 medlem av bransjeorganisasjonen IKT-Norge, nettverket Movation, og av studieorganisasjonen Studieforbundet næring og samfunn (tidlegare Populus).

Økonomi og fundraising

Økonomien i foreininga har vore solid igjennom perioden. Sjå rekneskap og budsjett for detaljar.

Omtale i media

Wikimedia Noreg har i 2013 vore omtala i media på godt og vondt. Styret vil nemne ein diskusjon med Store norske Leksikon i Morgenbladet.

Aktivitetar

Tilsette i Wikimedia Noreg

Wikimedia Noreg tilsette medarbeidarar for første gong i 2013. Dette vart gjort mogleg gjennom løyvingar frå Wikimedia Foundation.

Dei tilsette er Astrid Carlsen, Tor Arne Bjerke og Jorid Martinsen.

Av det viktigaste arbeidet dei tilsette har utført kan nemnast:

  • Grunnlovsstafetten
  • Samarbeid med Høgskolen på Lillehammer
  • Auka aktivitet og nærvær i sosiale medie.
  • Wikiverkstader

Styret er godt nøgd med arbeidet til dei tilsette.

Andre aktivitetar

  • Wikimedia Noreg arrangerte Wikimedia Academy 2013 14. desember på Arkitektmuseet i Oslo.
  • Styret i Wikimedia Noreg søkte Kulturdepartementet om støtte til å utvikle Wikipedia-versjonane på mobilisering av fagmiljø, tekniske databaseverktøy, nynorske fagtermar, samarbeid med kultursektoren og Wikipedia på minoritetsspråk. Søknaden nådde ikkje fram.
  • Foreininga har arrangert fleire biletedugnadar.
  • I Wiki Loves Monuments 2013 fekk Wikipedia inn 2500 bilete av kulturarven i den norske delen. Dette er ny rekord.
  • Wikimedia Noreg har samarbeida med Riksantikvaren og Riksarkivet om Wikipedian-in-recidence.
  • Styret har gjennomført eit bemanningsoppdrag tilsett 3 medarbeidarar i foreininga.
  • Foreininga har sett i gang ein "Grunnlovsstafett" der kulturminister Thorhild Widvey var første deltakar.
  • Foreininga har i 2014 sett i gang arbeid med å produsere promo-film om Wikipedia.
  • Foreininga har også i 2013 og 2014 arrangert fleire kurs i Wikipedia-skriving.
  • Wikimania 2013 vart arrangert i Hong Kong utan deltaking frå Wikimedia Noreg.

Status på strategimåla

Den største utfordringa for Wikipedia er færre bidragsytarar, ein for svak samarbeidskultur, og for svak inkludering av nye skribentar. Styret meiner at Wikipedia (særleg på bokmål) er for lite innbydande og inkluderande for bidragsytarar generelt, og kvinnelege bidragsytarar spesielt. Inkludering av nye bidragsytarar frå nye grupper og fagmiljø vil over tid gje økt kvalitet. Bidrag til å utvikle ein betre samarbeidskultur har vore viktig for styret i perioden.

Evalueringsmatrise

Evalueringsmatrisa viser også utfordringane til Wikipedia. Wikimedia Noreg har sett opp eit mål for 2015 om dobbelt så mange aktive bidragsytarar enn i 2011. Dette har Wikimedia Noreg ikkje hatt nokon måloppnåing på hittil sidan talet på aktive bidragsytarar faktisk har minka.

Matrisa syner og at det framleis vert produsert mange artiklar og vi har hatt måloppnåing på tal artiklar på både Nynorsk og Samisk Wikipedia. Vi kan også nå måla kring utmerka artiklar.

Styret har registrert at måleverktyet for å sjå talet på kvinnelege bidragsytarar ikkje er tilgjengeleg lengre.

Parameter 1.august Type mål 2005 2007 2009 Basis
2011
2013 Mål
2015
Trend 2015 Status
2013
Status
Q1 2014
Farger = grad av måloppnåelse.
Med grad av måloppnåelse menes økning
siden 2011, i prosent av målets implisitte
økning siden 2011. Nedgang settes lik 0%.
Rød 0-25% Orange 25-50% Gul 50-80% Grønn > 80%
Wikpiedia bokmål
Skribenter, totalt Samarbeid 437 1558 1816 1749 1543 2000 1500 0%
Aktive skribenter Samarbeid 157 578 562 491 442 1.000 400 0%
Artikler Bredde 31.000 121.000 224.000 310.000 370.000 500.000 460.000 80%
Utmerkede artikler Kvalitet 0 105 159 206 240 400 300 38%
Anbefalte artikler + Gode lister Kvalitet 71 333 506 632 740 1.200 850 39%
Wikipedia nynorsk
Aktive skribenter Samarbeid 38 45 56 55 34 100 30 0%
Artikler Bredde 9.000 24.000 50.000 72.000 105.000 120.000 140.000 140%
Wikpiedia nordsamisk
Aktive skribenter Samisk 1 2 3 4 4 8 4 0%
Artikler Bredde 676 2.400 2.850 3.750 7.150 5.000 '9.000 420%
Kvinners deltakelse Bredde Øke 8-11%
Frigi bildesamlinger Kvalitet Øke Suksess
Kvalitativt beste leksikon Kvalitet Alle tema Ikke målt
Brukervennlighet, tilgjengelighet Kvalitet Bedre Mangler

Rapportar til Wikimedia Foundation

Utvida rapport om aktivitetane i Wikimedia Noreg til Wikimedia Foundation kan finnast her:


Wikimedia Norge
c/o Sentralen
Postboks 183 Sentrum
0102 Oslo