Hopp til innhold

Årsmøte 2014/Protokoll

Fra Wikimedia Norge

Wikimedia Noreg


Referat frå årsmøte 26. april 2014

Årsmøtet fann stad i Wikimedia Noregs lokale i Oslo. Møtet starta kl. 16.11.

1 Konstituering
1.1 Godkjenning av innkalling og dagsorden

Det vart kommentert at nokre av billaga kom for seint. Innkalling og dagsorden vart samrøystes godkjent.

1.2 Godkjenning av røysterett

Elleve medlemer var tilstades under møtet. Desse hadde fullmakter frå åtte medlemer som ikkje kunne møte. Totalt var det 19 røysteføre representert.

1.3 Val av møteleiar

Styret foreslo Kjetil Ree som ordstyrar.

Vedtak (samrøystes): Kjetil Ree vart vald til ordstyrar.

1.4 Val av referent

Styret foreslo Hogne Neteland som referent.

Vedtak (samrøystes): Hogne Neteland vart vald til referent.

1.5 Val av to protokollunderskrivarar

Frå salen vart Anne Sofie og Finn Bjørklid foreslått som protokollunderskrivarar.

Vedtak (samrøystes): Anne-Sophie Ofrim og Finn Bjørklid vart vald som protokollunderskrivarar.


2 Årsmelding og orienteringar
2.1 Årsmelding

Hogne Neteland orienterte om arbeidet som var gått og la fram Årsmelding 2013–2014.

Vedtak (samrøystes): Årsmøtet tar årsmeldinga til etterretning.


2.2 Valg- og kontrollkomiteens beretning

Val- og kontrollkomiteens nestleiar Kjetil Ree orienterte om årsmeldinga.

Kjetil beklaga at årsmeldinga kom for seint. Kontrollkomiteen har ikkje motteke revidert rekneskap for 2013. Valkomiteen har ikkje foreslått ny valkomité men har 6 tilgjengelege kandidatar.

Vedtak (samrøystes): Årsmøtet tar årsmeldinga til etterretning.


3 Rekneskap for 2013
3.1 Rekneskap

Varamedlem Hogne Neteland orienterte om rekneskapen for 2013.

Jon Erling påviste at resultatet for 2010 ikkje stemmer med balansen for budsjettrekneskapen for Sametinget. Bjørn Øysæd meinte at posten for medlemskontingenten bør skilast på redusert og ordinær kontingent slik at det er mogeleg å ettergå medlemstala.

Vedtak (Samrøystes): Årsmøtet pålegg nytt styre om å revidere rekneskapen hjå ein autorisert revisor. Årsmøtet har godkjent rekneskapen.

3.2 Revisors rapport

Revisors rapport er ikkje tilgjengeleg

Vedtak (Samrøystes): Årsmøtet pålegg nytt styre om å revidere rekneskapen hjå ein autorisert revisor.


4 Budsjett og kontingent for 2013
4.1 Styrets budsjettforslag for 2013

Varamedlem Hogne Neteland orienterte om Budsjettforslag for 2014 og 2014-15 (pdf). Det er lagt fram to budsjett, eitt for 2014 og eitt for juli 2014–juli 2015, det siste fordi det er krav frå Wikimedia Foundation om budsjettering etter amerikansk rekneskapsår.

Samiskprosjektet er ikkje med i budsjettet fordi det vert rekneskapsført separat.

Nytt styre vart oppfordra om å legge opp ein samla oversikt over dei konkrete prosjekta dei foreslår.

Vedtak (samrøystes): Etter noko debatt kring enkeltpostar i budsjettet vart budsjettet vedtatt som foreslått, mens styret får tillatelse til å omrokkere budsjettpostar ved behov.

4.2 Vedtektsendringar

Det var komme inn fire endringsforslag.

4.2.1 Forslag 1
Stemmerett for brukere fra WMF-prosjektene

Forslagsstiller: Bruker:Asav

Forslag til endring av vedtektenes bestemmelser om stemmerett på årsmøtet (nytt punkt til §4):

"Enhver bidragsyder til norske Wikimedia-prosjekter som ønsker å identifisere seg gjennom OTRS-systemet og har bidratt med mer enn 200 redigeringer og/eller opplastinger i kalenderåret før årsmøtet, har stemmerett ved Wikimedia Norges årsmøte."

Vedtak (samrøystes): Årsmøtet vedtok å ikkje handsame dette forslaget.

4.2.2 Forslag 2
Ansatte skal få møterett i styremøter

Forslagsstiller: Jarle Vines

Forslag til endring av vedtektenes §5a:

"De ansatte kan stille med en representant på styremøtene. Personen har tale og forslagsrett og ikke stemmerett. Den ansatte sin representant fratrer når personalsaker behandles og når personalpolitikk vedtas."

Vedtak: Forslaget vart vedtatt mot to røyster.

4.2.3 Forslag 3
Endring i krav til medlemstid før stemmerett oppnås

Forslagsstiller: Bjørn Øysæd

Forslag til endring av vedtektenes §5a:

Endres fra:

"Stemmerett på årsmøtet har medlemmer som har betalt kontingent for inneværende år og har vært medlem i minst tre måneder før årsmøtet."

til:

"Stemmerett på årsmøtet har medlemmer som har betalt kontingent for inneværende år og har vært medlem i minst én måned før årsmøtet."


Vedtak: Forslaget vart vedtatt med 12 mot 4 røyster.

4.2.4 Forslag 4
Vedtektsendringer skal ha fast ordlyd i passende tid før årsmøtet

Forslagsstiller: John Erling Blad

Forslag om tillegg til vedtektenes §8a, der følgende legges til:

"Et forslag til vedtektsendring, i verbatim form, må være kjent blant medlemmene minimum […] før Årsmøtet. Det kan ikke stemmes over vedtektsendringer hvor ordlyd ikke er kjent på forhånd."

Nøyaktig tidsvindu er ikke med i forslaget, det må eventuelt bestemmes på årsmøtet.

Vedtak: Årsmøtet vedtok å ikkje handsame dette forslaget.

4.3 Andre forslag
4.3.1 Strategi 2011–2015

Årsmøtet diskuterte forslaga frå Ulf Larsen: [1]

Vedtak (Samrøystes): Årsmøtet vedtar planen med den endring at det blir uttrykt eksplisitt at målet med planen er at Wikimedia skal legge til rette for at Wikipedia skal nå dei enkelte måla på alle relevante punkt.

4.3.2 Forslag 5
Uttalelse om styret i 2009/2010

Forslagsstiller: Bjørn Øysæd

"Årsmøtet i Wikimedia Norge har på ny behandlet forholdet rundt styret av 2009/2010 og de vurderinger, disposisjoner og meningsytringer som fulgte i ettertid. En ser i dag at de gjorte vurderinger ikke medførte riktighet nok til å berettige ordbruken. Dette finnes å være sterkt å beklage. Der var intet hold i saken. De rammede personer ansees med dette renvasket for de beskyldninger som er blitt fremsatt."

Motforslag frå Ulf Larsen:

"Årsmøtet i Wikimedia Norge har på ny behandlet forholdet rundt styret av 2009/2010 og de vurderinger, disposisjoner og meningsytringer som fulgte i ettertid. Fremlagt dokumentasjon viser at dette styret etterlot seg en forening i store økonomiske problemer, der man i praksis hadde negativ egenkapital. Årsmøtet retter skarp kritikk mot økonomirutinene til daværende styreleder Nina Aldin Thune og daværende kasserer Philip Gabrielsen, og ønsker å takke medlemmene som reddet foreningen gjennom sine donasjoner."

Vedtak: Begge forslaga vart avvist med 12 mot 4 røyster.


5 Val
5.1 Val av nytt styre (valg- og kontrollkomiteens innstilling)

Årsmøtet stilte seg kritisk til at innstillingen fra Valgkommiteen kom for seint men vedtok likevel å gjennomføre valet. Kjetil Reee orienterte om valg- og kontrollkomiteens innstilling.

  • Jarle Vines – leiar
  • Erlend Bjørtvedt – nestleiar

Valkomiteen innstiller på at det blir valt ytterlegare fem faste styremedlemer. Her foreslår komiteen:

  • Hogne Neteland – styremedlem
  • Knut Hjelleset – styremedlem
  • Ole Anders Flatmo – styremedlem
  • Marte Ericsson Ryste – styremedlem
  • Trond Trosterud – styremedlem

Frå Hogne Neteland, Trond Trosterud og Jarle Vines kom benkeforslag om Astrid Carlsen som styremedlem. Bjørn Øysæd presenterte eit benkeforslag om Hogne Neteland til nestleiar-vervet.

Valkomiteen innstiller eín kandidat til varaplass:

  • Harald Groven – varamedlem.

Marte Ericsson Ryste er redaktør i snl.no. Det kom berre gode skotsmål om henne på årsmøtet. Eit samrøysta årsmøtet vurderte henne likevel som ikkje egna til styrearbeid i Wikimedia Noreg så lenge ho arbeider for SNL.NO.

Til leiarvalet:

  • Jarle Vines – leiar - vald med 14 mot 1 røyst
  • Erlend Bjørtvedt – fekk 11 røyster og er vald til nestleiar mens Hogne Neteland fekk 6 røyster.

Følgjande styre vart vald med 15 mot 1 røyst.

  • Hogne Neteland – styremedlem
  • Knut Hjelleset – styremedlem
  • Ole Anders Flatmo – styremedlem
  • Trond Trosterud – styremedlem
  • Astrid Carlsen – styremedlem
  • Harald Groven – varamedlem


5.2 Val av revisor

Vedtak (samrøystes): Styret skal tinga ein autorisert revisor.

5.3 Val av val- og kontrollkomité

Vedtak:

  • Kjetil Ree – Leiar
  • Finn Bjørklid – komitemedlem
  • Espen Granli – komitemedlem


6. Takk for oppmøtet

Nyvald styreleiar Jarle Vines takka for årsmøtet og presenterte ein ny film som er laga.