Årsmøte 2017/Årsmelding 2016

Fra Wikimedia Norge
Hopp til navigering Hopp til søk
På andre språk:

Årsmelding 2016

Ved årsmøtet 7. april 2016, blei dette styret vald for Wikimedia Noreg:

  • Hogne Neteland: leiar
  • Guro Faller: nestleiar
  • Trond Trosterud: styremedlem, kasserer
  • Andrea Tiltnes: styremedlem
  • Harald Groven: styremedlem
  • Tore Sætre: styremedlem

Til kontrollkomiteen blei desse medlemmene vald:

  • Trygve Nodeland
  • Espen Granli
  • Erlend Bjørtvedt

Til valkomiteen blei desse medlemmene vald:

  • Ole Anders Flatmo
  • Helge Høifødt
  • Ida Scott

Vald revisor var Stokke revisjon. Vår revisor Jan Martin Øverland har i perioden overført sin praksis til Plus Revisjon AS, ved Bent Wessel Eide. Dette grunna helsemessige årsaker.


Arbeid i styret

I januar 2016 arrangerte Wikimedia Noreg ei markering av 15-årsdagen til opprettinga av Wikipedia og styreleiar fekk presentere den nye strategien til foreininga. Innlegga ligg tilgjengelege på YouTube.

I perioden har Wikimedia Noreg heldt 7 styremøte. Forrige årsmøte lova styret å halda færre men betre styremøte. Etter dette er det heldt tre styremøte og alle desse er fysiske møte. Dette er betre og meir produktive styremøte.

Styret har i perioden arbeida etter Wikimedia Noreg sin strategi for åra 2016 til 2020.

Wikimedia Norge deltok på Wikimedia Conference i Berlin i april 2016, der temaet var kva for påvirkning (impact) vi som støtteorganisasjonar kan ha på frigjering av kunnskap. Vi deltok også på Wikimania 2016 i Italia, der vi mellom anna bisto presentasjonen til Gustavo Góngora-Goloubintsef og vi vart kåra til de nest mest «cool» prosjekt på eit arrangement der vi presenterte nobelpris-prosjektet vårt.

Fleire av styremedlemmene har deltatt på wikitreff i perioden. Eit styremedlem har halde kurs på Universitetet i Tromsø for doktorgradsstipendiatar om Wikipedia og forskningsformidling: https://prezi.com/ddvzmjiwham1/wikipedia-til-forskningsformidling/ og halde innlegg på ein konferanse ved fylkesbiblioteket i Rogaland om: Hvordan bruke Wikipedia for å styrke digital kompetanse: http://www.rogfk.no/Arrangementer/Digital-kompetanse .

Styret er nøgd med at organisasjonen har eit oppdatert medlemsregister, moglegheit for å melde seg inn som medlem på den nye heimesida, wikimedia.no, og at det er ein auke i betalande medlem i organisasjonen. Styret meiner likevel at dette arbeidet kan vidareførast og at potensialet til organisasjonen er større enn det vi hittil har makta materialisert. Styret er godt fornøgd med arbeidet som blir utført av administrasjonen. Styret meiner at samarbeidet mellom styret, administrasjonen, dei frivillige, valkommiteen og kontrollkomiteen har fungert godt i 2016.

Wikimedia Norge sitt arbeid

I 2016 har vi jobba mykje med å jobbe fram initiativ saman med frivillige bidragsytarar. Dette arbeidet held fram i 2017.

7 wikistipend vart delt ut i 2016, 3 søknadar var avvist. Frå og med 2016 er vi med og stør The Free Knowledge Advocacy Group EU kvart år.

Vi har delteke i og organisert ei rekkje konkurransar gjennom året. Vi deltok i Europeana 280 Art History Challenge. Wiki Loves Monuments 2016 vart gjennomført som skrive- og fotokonkuranse. Det er skrive om bidraga og grunngjevinga til juryen på bloggen vår, www.wikimedia.no/category/blogg/. Vekas konkurranse var Armenia frå 14. november til 11. desember, og tilsvarande konkurranse vart arrangert på armenskspråklege Wikipedia. Ein jury på 4 personar vart sett ned. Fagjuryen sine tilbakemeldingar vart publiserte på diskusjonssidene til dei 10 øvste bidraga, og konkurransen vart skriven om på bloggen vår og på bloggen til Wikimedia Foundation.

Vi har dessutan vore hovud- eller medarrangør av ei rekkje Vekas konkurransar på Wikipedia, anten aleine eller saman med samarbeidspartnarar. Vekas konkurranse har vore sponsa med premiar frå m.a. Forskningsrådet, Nobels fredssenter, Riksantikvaren, Nasjonalmuseet og Nasjonalbiblioteket. Vi har òg sponsa fleire premiar når vi vart kontakta om det av bidragsytarar.

Wikipedia-redigeringskurs har vorte haldne for bedrifter, organisasjonar og universitet. Wikipedia-undervisning på Universitetet i Oslo, i samarbeid med faget Historieformidling for masterstudentar held fram med undervisning kvart semester. Vi har omsett Wiki Education Foundations Dashboard til norsk for bruk i kurssamband. Dette er eit nyttig verktøy for oss.

Vi arrangerte eitt seminar under Forskningsdagane om Grenseløs læring. #Wikinobel vart gjennomført på hausten, og 4 bidragsytarar og to tilsette flytta kontoret til Nobels fredssenter den dagen. Wikimedia Noreg har over lengre tid vore i dialog med Universitetet i Oslo, ved Norsk Folkeminnesamling og Norgeshistorie.no. Sistnevnte tilsette bidragsytar IdaScott i eit kort engasjement i 2016.

Dei månedlege skriveverkstadane for kvinner på Kulturhuset hadde få deltakarar, men fekk mykje oppmerksemd i sosiale media. Etter ein evaluering på våren avgjorde vi å jobbe vidare med kjønnsubalansen på wikiprosjekta på andre måtar. Det vart blant anna gjort ved å halde kurs for organisasjonen Women in Film and Television, WIFT, på Deichmanske hovedbibliotek. Og 27. oktober arrangerte Wikimedia Noreg ein debatt på Folkeverkstedet på Deichmanske saman med WIFT og tidsskritet Fett. Dette arbeidet har pressa vore interessert i å dekkje, og det har resultert i avisartiklar og intervju i løpet av året.

Verktøyet Referansejakt vart omsett til nynorsk og bokmål og vart nytta i #1lib1ref-kampanjen, #faktajakt på norsk. 6 tilgangar til Retriever vart fordelt til bidragsytarar for perioden 7. november 2016–7. mai 2017 og vert fordelt på nytt kvart halvår. 5 tilgangar til bokhylla.no vart innvilga for bidragsytarar med utanlandsk IP-adresse. Akkreditering til ei rekkje konsertar, festivalar, konferansar, årsmøte og andre arrangement er søkt om på vegner av bidragsytarar. Dei jamlege wikitreffa på Litteraturhuset vert arrangert av frivillige, men vi dekkjer utgifter.

Wikimedia Noreg har delteke på ei rekkje konferansar i løpet av 2016. To tilsette deltok ved Wikimedia Conference i Berlin. Vi deltok på Digitaliseringsdagen hjå Riksarkivet og under Forskningsdagane i debatten Kildekritikk i en digital tid. To bidragsytarar fekk reisestipend frå oss til Wikimania, og i tillegg deltok éin tilsett og styreleiar og nestleiar. Vi har delteke på Nordic Open Geodata Gathering, #hack4no på Hønefoss og K-lab sin konferanse «Mulighetenes rom» – erfaringskonferanse.

Tilsette / Frivillighetshuset

Stillinga som prosjektkoordinator vart lyst ut sumaren 2016, som følge av auka støtte frå Wikiedia Foundation til nettopp ei slik stilling. 22. august vart Jon Harald Søby tilsett i eit 40 %-engasjement. Arbeidsplassen hans er Trondheim. Organisasjonen har per i dag 1,7 stillingar, fordelt på 3 tilsette. Vi jobbar for at deltidsstillingane skal auke og bli heile. Berre slik kan organisasjonen også fylgje opp pliktene sine under ferieavvikling og når sjukdom råkar oss. Dette er viktige plikter som arbeidsgjevar, og som samarbeidspartnar for frivillige og institusjonelle samarbeidspartnarar.

I løpet av 2016 har vi teke imot 4 praksisstudentar frå Høgskolen i Oslo og Akershus, kor to ikkje møtte opp til praksis. Dei to andre studentane har gjeve verdifulle bidrag for kontoret. Høgskolen i Oslo og Akershus kompenserer praksisstad med kr. 750,-. Praksisstudentane mottek ikkje løn.

Frivillighetshuset i Kolstadgata 1 har denne hausten vore under ombygging. Ombyggingsarbeida har medført mykje støy, støv og avstenging av vatn osb. Dette har ført til dårlege arbeidstilhøve. Arbeida er no avslutta. Hafslund hadde 14. april 2016 ein revisjon av helse-, miljø- og tryggleiksarbeid opp mot El-tilsynslova. Dagleg leiar har gjennomført obligatorisk HMS-kurs for daglege leiarar, og ei HMS-handbok er utarbeida for organisasjonen. Ein branninstruks har òg blitt utarbeida for organisasjonen og levert til framleigar og hovudutleigar i Kolstadgata 1.

Økonomi

Wikimedia Noreg har i 2016 framleis ein stabil økonomi, og vi ser eit potensial for auka privat stønad. Delen private donasjonar har auka monaleg, noko som i stor grad skyldast at den nye heimesida har ein Støtt oss-løysing og at vi har tatt i bruk Vipps. Budsjett- og kvartalsrapportar vert delt på wikien vår.

Samarbeidet med nettbutikken Melings er avslutta. Vi hadde uteståande innbetalingar til Wikimedia via nettbutikken frå 2014 til 2016 som har vorte overført til oss.

Neste år må vi vurdere å betale for ein medlemsløysing som gjer moglegheit for utsending av epost, generering av medlemsliste osv. Desse oppgåvene vert framleis gjort manuelt. Wikimedia Noreg hadde 70 medlem i 2016. Vi har registrert oss i Frivilligregisteret og vil søkje om momsrefusjon årleg, fyrste søknad vart innvilga og vart utbetalt i november.

I søknaden til Wikimedia Foundation 1. april 2016, søkte vi om 1 850 000 kr. Vi fekk 1 610 000 kr i støtte. Det førte til at budsjettet måtte reviderast og nokre prosjekt måtte skrinleggjast. Til samanlikning fekk vi 1 230 000 i 2015.

Kommunikasjon

Vi har i 2016 jobba mykje med å utbetre kommunikasjonskanalane våre, både på norsk og engelsk. I 2017 vil vi utarbeide ein kommunikasjonsplan.

Søkesida wikipedia.no har fått nytt design fiksa av frivillig bidragsytar. Nyhendebrev på wiki er oppretta og blir sendt ut på epost og wiki.

Ny heimeside er laga, wikimedia.no, som vender seg til dei som ikkje kjenner til Wikimedia Noreg, med kontaktskjema, medlemsinnmelding og donasjonsmoglegheit og info om oss. Ho er omsett til nynorsk og engelsk. Sida vil få meir innhald i 2017.

Ei brukarundersøking retta mot aktive bidragsytarar var i gang frå 16. november til 1. desember 2016. Ho vart annonsert via CentralNotice, epost og nyhendebrev. Resultatet av brukarundersøkinga er publisert på Meta på bokmål, nynorsk og engelsk, meta.wikimedia.org/wiki/Wikimedia_Norge/Brukerundersøkelse_2016. Undersøkinga gjev oss eit viktig grunnlag for kva vi skal jobbe med i 2017 og legg ei rekkje nødvendige føringar for neste søknad til Wikimedia Foundation.

I desse to rapportane finn du detaljert oversikt over arbeidet vårt i 2016: