Retningsliner for inkluderande møte

Fra Wikimedia Norge
Denne siden er en oversatt versjon av siden Retningslinjer for inkluderende møter og oversettelsen er 85 % ferdig.
Utdaterte oversettelser er markert på denne måten.

Kvifor treng me inkluderande møte?

Med møte meiner me i denne retningslina både møte og møteplassar, fysiske og på internett, som vert arrangert av Wikimedia Noreg. Wikimedia Noreg ynskjer å tilby eit inkluderande møtemiljø som er fritt for trakassering, og møta skal verte kjenneteikna av respekt for dei ulike perspektiva ein har. Det totale eller delvise fråværet til større og mindre grupper i redigeringsfellesskapet er eit teikn på at naudynte perspektiv òg er fråverande. Arbeidet med å inkludere ulike menneske og perspektiv gjev oss difor moglegheit til å gjennomføre Wikimedia Noreg sin visjon.

Har du spørsmål om desse retningslinene eller ei sak du vil ta opp? Ta kontakt med Astrid Carlsen, dagleg leiar i Wikimedia Noreg: astrid@wikimedia.no, eller andre representantar frå organisasjonen om du føretrekker det. Eit oversyn over medlemmane i styret finn du på denne sida: Styret… Eit oversyn over dei tilsette finn du på denne sida: Tilsette. Organisasjonen har òg ein kontrollkomité: Kontrollkomité

Korleis inkluderer me kvarandre?

  • Me verdset alle sin deltaking
  • Me tolererer ikkje nokre angrep på eller trakassering av møtedeltakarar
  • Språk eller bilete med seksuelt innhold høyrer ikkje heime på møte, konferansar eller føredrag
  • Me ventar at alle deltakarar fylgjer disse retningslinene på møteplassar og i møte

Kva er trakassering?

Med trakassering meiner me utrivelege kommentarar relatert til kjønn, seksuell legning, funksjonsnedsetting, utsjånad, kroppsstorleik, etnisitet, religion, politisk tilhøyrsel og lignande. Trakassering er òg bruk av bilete med seksuelt innhald i offentleg samanheng, skremmande framferd, forfylging, forstyrrande fotografering, avbryting av samtaler og upassande tilnærmingar.

Handtering av trakassering

Om du kjenner deg trakassert eller ser at nokon andre blir det, eller om du har andre bekymringar, så ta kontakt med møtearrangør eller tilsette i Wikimedia Noreg snarast. Dei hjelper gjerne til med å kontakte sikkerheitsvaktar eller politi, gje eskorte eller på anna vis hjelpe dei som kjenner seg utsett med å føle seg trygge i resten av møtet. Me ventar at deltakarar som blir bedd om å slutte med trakasserande framferd gjer det straks. Om ein deltakar er trakasserande kan arrangøren av møtet bruke dei tiltaka dei meiner er naudsynte, inkludert å gje deltakaren ei åtvaring eller utestenge han/ho.