Styremøte 2022 - Tirsdag 6. september

Fra Wikimedia Norge
Sted Digitalt
Dato 6. september 2022 klokken 20.15.

Forrige: Styremøte og strategisamling fredag 17. juni 2022

Agenda

1. Godkjenning av innkalling og referat frå førre møte
2. Orienteringar
3. Vidare arbeid med strategi
4. Mandat for medlemsutviklingsarbeid
5. Vedtektsendringar
6. Wikistipend

Økonomisk ramme og nytt medlem i tildelingskomiteen

7. Wikitreff

Ny støtteordning?

8. Vurdere medlemskap i Wikimedia Europe
9. Ymse

Referat

1. Godkjenning av innkalling og referat frå førre møte

Innkalling og referat er godkjent.

2. Orienteringar

Orientering vart teke til vitande.

Orientering vart teke til vitande.

  • Kontortilhøve/flytting av kontor

Wikimedia Norge brukar unødvendig mykje pengar på kontorleige, og administrasjonen vil forsøke å enten flytte til eit anna kontor i eksisterande lokale eller finne eit anna lokale sentralt i Oslo. Styret er positivet til dette.

Det er veldig få som har meldt sitt kandidatur til NWE Regional Funds Committee. Det vil kanskje føre til endringar i måten dette arbeidet er organisert på.

  • Wiki Loves Monuments

Vi satsar litt større på kommunikasjonsarbeid knytt til Wiki Loves Monuments i år, og forsøker å bruke nettverk for å skape meir merksemd rundt fotokonkurransen.

3. Vidare arbeid med strategi

Vi hadde ei god strategiøkt i juni, og har som mål å få til ei ny fysisk samling. Det vert sendt ut informasjon om dette per e-post.

4. Mandat for medlemsutviklingsarbeid

Det bør vere ei gruppe på 4-5 personar som jobbar med medlemsutviklingsarbeidet vidare, og ein representant frå styret bør vere med. Mandatet for arbeidet vert sendt ut til gjennomlesing og kommentarar til alle styret etter styremøtet.

5. Vedtektsendringar

Det er fleire ting i vedtektene som kanskje burde vore justert, som til dømes kasserar-rolla i styret, som har endra karakter dei siste åra. Vi har også sakna noko i vedtektene om supplering av styret når fleire styremedlemar går ut i perioden sin. Det einaste som står er noko om er supplering i dei tilfelle styret ikkje lenger er vedtaksdyktig. Det kan også vere aktuelt å sjå på dei meir overordna punkta, i lys av strategiprosessen. Sigrun bistår Marie og dagleg leiar med å sjå på vedtektene fram mot Årsmøtet.

6. Wikistipend

Tildelingskomiteen for wikistipend ønskjer nokre retningslinjer frå styret med tanke på størrelse på stipend og totalramme for tildelingar. Styret må også velje ein representant til tildelingskomiteen. Styret vedtek: Wikistipend skal ha ei total ramme på 20 000 kr i halvåret, og maks 8 000 kr per stipend. Sigrun bidreg som styret sitt medlem i tildelingskomiteen.

7. Wikitreff

Det å ha ei lite støtteordning som frivillige rundt om i landet kan søke på for å arrangere Wikitreff kan bidra til fleire treff, fleire møteplassar, betre organisasjons- og nettverksbygging og styrking av medlemane si rolle. Det bør vere ein liten sum, møteplassar og aktivitet må prioriterast, ikkje større arrangement, seminar eller debattar. Administrasjonen kjem med forslag til tekst som kan delast med nettverket.

8. Vurdere medlemskap i Wikimedia Europe

Elisabeth snakkar vidare med dette nettverket og det opp saka igjen på eit seinare styremøte.

9. Ymse

Neste styremøte vert digitalt 8. desember kl. 20.15. Marie kallar inn.