Styremøte 2022 - Onsdag 27. april

    Fra Wikimedia Norge
    Sted digitalt
    Dato 27. april 2022 klokken 20.15.

    Forrige: Konstituerende styremøte 5. april 2022
    Neste: Styremøte 2022 - Fredag 17. juni

    Agenda

    1. Godkjenning av innkalling og referat frå førre møte

    Forslag til vedtak: Innkalling og referat blir godkjent eller Innkalling og referat blir godkjent med merknader

    2. Orienteringar
    • Økonomi, gjennomgang av siste kvartalrapport ved dagleg leiar (lenke til rapport)
    • Informasjon frå dei tilsette (lenke til rapport)
    • Eventuelt andre relevant orienteringar

    Forslag til vedtak: Orienteringar blir teke til vitande

    3. Tilsetting av vikar for dagleg leiar

    Saksutgreiing med tilsettingsnemda si instilling og endelig saksutgreiing blir sendt ut etter møte i nedmda sundag 24. april Forslag til vedtak (førebels): Styret i Wikimedia Norge tilset XX i vikariat for daglig leiar.

    4. Medlemsutviklingsutval

    Styret drøftar medlemar og innhald til mandat for utvalet. Forslag til vedtak: (Personar) blir spurt om å delta i utvalet. (Personar) arbeider ut forslag på mandat som blir godkjent per e-post i etterkant av styremøtet.

    5. Ymse


    Referat

    1. Godkjenning av innkalling og referat frå førre møte

    Vedtak: Innkalling vart godkjend. Fleirtalet godkjenner referatet, men eit styremedlem varsla at han kjem til å kome med ein merknad til referatet i etterkant av styremøtet.

    2. Orienteringar

    Økonomi, gjennomgang av siste kvartalrapport ved dagleg leiar (lenke til rapport) Informasjon frå dei tilsette (lenke til rapport) Vedtak: Orienteringar vart teke til vitande

    3. Tilsetting av vikar for dagleg leiar

    Vedtak: Styret i Wikimedia Norge tilset Elisabeth Carrera i vikariat for dagleg leiar. Styreleiar får mandat til å gå i forhandlingar og avklare dato for start og avtale om arbeid i forkant av stillingsoppstart, innanfor vedteke budsjett og avtalte rammer. Med utgangspunkt i arbeidsavtaler i organisasjonen får styreleiar mandat til å sette opp arbeidskontrakt.

    4. Medlemsutviklingsutval

    Styret drøfta medlemmer og innhald til mandat for utvalet. Utvalet bør bestå av 4-5 personar, inkludert eit styremedlem og ein tilsett, og bør konstituere seg sjølv og avklare roller og ansvar internt. Forslag til vedtak: Jon Harald legg ut informasjon på Wikipedia når mandatet er klart, og ber kandidatar som er interesserte i å delta i dette arbeidet om å melde seg. Fredrik arbeider ut forslag på mandat innan midten av mai som blir godkjent per e-post i etterkant av styremøtet.

    5. Ymse

    Styret diskuterte rammer og opplegg for komande styremøte og strategisamling i Oslo fredag 17. juni.