Årsmøte 2019/Protokoll

Fra Wikimedia Norge

Referat frå årsmøtet i Wikimedia Noreg fann sted på Skansen i Tromsø 9. mars 2019. Møtet byrja kl. 12.00 og vart strøymt på YouTube.

Konstituering

Godkjenning av innkalling og dagsorden

Innkalling og dasgorden vart samrøystes vedteke.

Godkjenning av røysteretta til medlemmar

11 medlemmar var til stades. Alle er medlemmar og har røysterett.

Val av møteleiar

Kjetil Ree vart foreslege som møteleiar. Vedtak: Kjetil Ree vart samrøystes vald til møteleiar.

Val av referent

Jon Harald Søby vart foreslege som referent. Vedtak: Jon Harald Søby vart samrøystes vald til referent.

Val av to protokollunderskrivarar

Tarjei Mo Batalden og Emil Bekkevold vart foreslegne som protokollunderskrivarar.

Vedtak: Tajei Mo Batalden og Emil Bekkevold vart samrøystes vald som protokollunderskrivarar.

Årsmelding og orienteringar

Årsmeldinga vart gått gjennom av styreleiar.

Årsmøtet tek årsmeldinga til etterretning.

Kontrollkomiteens orientering

Sidan ingen av medlemmane i kontrollkomiteen var til stades las møteleiar opp orienteringa frå kontrollkomiteen.

Rekneskap for 2018

Rekneskapet og revisormeldinga for 2018 vart gått gjennom av styreleiar.

Årsmøtet tek rekneskapet og revisormeldinga til etterretning.

Arbeidet til organisasjonen i 2019–2020

Dagleg leiar gjekk gjennom planen for organisasjonen sitt arbeid i 2019–2020.

Årsmøtet tek orienteringa til etterretning.

Budsjett

Kasserar i styret orienterte om styret sitt framlegg til budsjett for 2019–2020.

Årsmøtet vedtek budsjettframlegget.

Vedtektsendringar

Styreleiar gjekk gjennom forslaga til endringsforslag.

Årsmøtet stemte over endringsforslaga einskildvis, og alle endringsforslaga vart samrøystes vedtekne.

Innkomne saker

Endring av retningsliner for valkomiteen

Styreleiar gjekk gjennom endringane av retningslinene for valkomiteen.

Endringane vart samrøystes vedtekne.

Endring av retningsliner for kontrollkomiteen

Styreleiar gjekk gjennom endringane av retningslinene for kontrollkomiteen.

Endringane vart samrøystes vedtekne.

Val

Val av nytt styre

Møteleiar las opp valkomiteen si innstilling til nytt styre.

Følgende medlemmer av styret er alt valgt for perioden 2018-2020.

  • Hogne Neteland, leder
  • Sigrun Espe, styremedlem
  • Tore Sætre, styremedlem
  • Trond Trosterud, styremedlem

Som nye medlemmer foreslås for årsmøtet:

  • Andrea Tiltnes, nestleder 2019-2021
  • Hilde Blix, varamedlem 2019-2020

Innstillinga vart samrøystes vedteke.

Val av revisor

Årsmøtet vedtok å halde fram med same revisor som før, Plus Revisjon.

Val av valkomité

Møteleiar las opp styret si innstilling til ny valkomité. Innstillinga vart samrøystes vedteke.

  • Sabine Rønsen velges som komitemedlem for perioden 2019-2020
  • Ole Anders Flatmo gjenvelges som komitemedlem for perioden 2019-2020
  • Helge Høifødt gjenvelges som komitemedlem for perioden 2019-2020

Val av kontrollkomité

Møteleiar las opp valkomiteens innstilling til ny kontrollkomité. Innstillinga vart samrøystes vedteke.

  • Trygve Nodeland gjenvelges som komitemedlem for perioden 2019-2020
  • Harald Groven velges som komitemedlem for perioden 2019-2020

Takk for oppmøte, ved leiar

Styreleiar Hogne Neteland takka for oppmøtet.

Underskriven protokoll

Tarjei Mo Batalden: -- Tarjei Mo Batalden, Oslo, 11. mar. 2019 kl. 17:55 (CET)[svar]

Emil Bekkevold: Emil Bekkevold, Tromsø, 11. mar. 2019 kl. 18:33 (CET)[svar]